næringsliv
Haugesund Sparebank legg ned kontoret i Sveio
Kontoret til Haugesund Sparebank har vore ubemanna det siste året. No blir det formelt avvikla frå 28. februar.
Tidlegare var det to tilsette ved kontoret. Etter at ei gjekk over i annan jobb, og ei gjekk ut i fødselspermisjon, blei dei ikkje erstatta. Løysinga blei å midlertidig stenga banklokala, men samtidig tilby kundane å bestilla møter med andre rådgivarar frå banken som kom til Sveio.
Avgrensa etterspurnad
I ei pressemelding onsdag morgon skriv Haugesund Sparebank at det har vore svært avgrensa etterspurnad etter kundemøter på Sveio-kontoret. Ifølge banken har kundar med bustadadresse i Sveio stort sett brukt banken sine kontor i Haugesund sentrum, på Amandasenteret eller i Tysvær.
Sveio-kundane har også etter fusjonen med Tysnes Sparebank 1. september i år, kunna nytta banken sitt kontor på Stord.
Held fram med støtte
Det kan vera ei utfordrande øving å organisera eit kontor med berre to tilsette, og både for banken og kundane ser me det som mest tenleg å samla våre rådgivarar i større fellesskap. Me ser difor at det etter 10 år med kontordrift i Sveio sentrum er naturleg å avvikla dette kontoret, skriv banken vidare.
Sveio er og blir et svært viktig område for Haugesund Sparebank, blir det understreka. Banken vil halda fram med å støtte lokale lag og foreiningar i Sveio slik dei har gjort i mange år, og dei vil halda fram med sponsoravtalene sine.
– Like til stades som før
– Me kjem til å vera like til stades som før, og vårt engasjement i Sveio står like sterkt, seier Rolf Lillehammer, banksjef personmarknad.
Kundane beheld sin faste kunderådgivar og den samme mogeleigheita til personleg oppfølging som tidlegare.
– Ved å samla kompetansen får me eit sterkare og meir robust miljø, noko som gjer oss i stand til å gi kundane enda betre oppfølging. Dette er ei naturleg organisering basert på korleis kundane brukar oss i dag, seier Lillehammer.