Ad Libitum konsert m/ Heine Totland m.fl.

15. mars 2026 kl. 19:00, Sveio Kyrkje

Ad Libitum held konsert m/Heine Totland - «Bridge over troubled waters».

Ad Libitum inviterer til konsert i Sveio Kyrkje søndag 15. mars kl. 19.00. Programmet blir ei knippe av populærlåtar framført saman med svært dyktige musikarar. Heine Totland (vokal), Andre Eide (flygel) og Kjell Harald Litangen (gitar) medverkar alle til at dette blir ei flott musikalsk oppleving du ikkje bør gå glipp av!

På repertoaret står kjente og kjære låtar med Abba, Jan Teigen, Simply Red, Simon & Garfunkel, Jon Bon Jovi og Sting - berre for å nevne nokre. Det blir ein god mix av felles og egne innslag. 

Heine Totland, er musikar og entertainer kjent for dei fleste. Han vaks opp på Bømlo og har framleis sterk tilknytning til heimkommunen. Heine har ein imponerande CV som inkluderer eigne album og singlar, men har også medverka på eit stort antall innspelingar med andre artistar.

Han har spela hovedroller i fleire store musikaloppsetninger, blant anna Mamma Mia!, Buddy Holly the Musical, Jesus Christ Superstar, Les Misérables og Chess. Heine har gjort mange tv-opptredener, blant anna Beat for Beat, Farmen Kjendis på TV 2, Stjernekamp på NRK og MasterChef på TV3. Han var også programleiar i serien Det Norske Måltid på TV 2 som gjekk over tre sesonger. Dei siste åra har han gjort eigne show med stor suksess på Ole Bull Scene i Bergen og på Latter i Oslo. Heine har også sitt eige 50 talls Rock & Roll band som spelar landet rundt på festivalar og kulturhus.

Powered by Labrador CMS