Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Veteranbåtar totalskadde i brann ved museum i Hardanger
Ein brann i ein båt frå 1886 spreidde seg til to andre båtar ved kaien til Hardanger Fartøyvernsenter i Kvam kommune. To av båtane er totalskadde.
– Dette er ei svart natt for fartøyvernet. Store kulturhistoriske verdiar har gått tapt i brannen, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding etter brannen ved Hardanger Fartøyvernsenter natt til torsdag.
Hardanger Fartøyvernsenter omtaler seg som Nordens største fagmiljø på restaurering av historiske fartøy. Ifølgje riksantikvaren gjekk "Jøsenfjord" og MB "Tafjord" tapt i brannen, medan MY «Faun» fekk mindre skadar. Brannen starta ifølgje brannvesenet i førstnemnde.
Ifølgje nettsida til Jøsenfjord rutelag vart fartøyet bygd i 1886 i Kristiansand. Det gjekk først på damp, men vart bygd om til dieseldrift i 1934, og motoren frå den gongen stod framleis i båten.
– Vi føler med alle som gjennom åra har gjort ein stor innsats. Det ligg tallause timar for frivillige i desse båtane, og mykje godt arbeid hos Hardanger Fartøyvernsenter, seier Geiran.
Vest politidistrikt vart varsla om brannen klokka 3.18 natt til torsdag. Det vart ikkje meldt om personskadar, og heller ikkje om nokon personar om bord i båtane. Klokka 4.20 melde politiet om kontroll på brannen.
– I overkant av 300 fartøy har eit vern, og 17 er freda. Desse utgjer i dag ein av Europas viktigast samlingar av historiske fartøy. Fartøya fortel historia om næringsliv og transport av folk og varer. Mange av dei er i aktiv drift og blir brukte til seglingar, arrangement og formidling, noko som gjer kulturarven tilgjengeleg på ein levande måte, skriv riksantikvaren.