nyhende

Skatteetaten ber folk sjekke tala før fristen går ut i dag.

Fristen for skatte­meldinga går ut i dag

Fristen for å levere skattemeldinga går ut ved midnatt 30. april, og Skatteetaten ber folk sjekke opplysningane nøye før innsending.

Publisert

Så langt har om lag 4,3 millionar opna skattemeldinga, medan over 3 millionar har levert. Dersom ein ikkje sender inn, vil etaten leggje til grunn dei førehandsutfylte opplysningane, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

– Det er viktig å sjekke opplysningane i skattemeldinga før du leverer henne. Berekna skatt til gode eller restskatt i skattemeldinga er førebelse tal. Det kan vere du må endre noko som ikkje stemmer eller leggje til informasjon som manglar, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark i pressemeldinga.

Dei aller fleste vil få skatteoppgjeret mellom april og juni, men nokre må vente til hausten. Rundt ni av ti får oppgjeret før sommaren. Personar med restskatt eller som leverer etter fristen, kan tidlegast vente oppgjer i juni. Restskatt må betalast frå 20. august, men kan betalast tidlegare for å unngå renter.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS