Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Brannen ved Hardanger Fartøyvernsenter:
Kamilla: – Verst for båteigarane
– Dette var dritt! Og verst er det for båteigarane, seier båtbyggaren Kamilla Apelset Snemyr i Auklandshamn om brannen ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.
Snemyr var i fleire år tilsett ved Hardanger Fartøyvernsenter, der ho mellom anna var med på å restaurera «Tafjord» - det eine av to fartøy som blir omtalte som totalskadde etter storbrannen natt til torsdag. Sjølv om det er trist å sjå sitt eige arbeid gå opp i flammar, understrekar ho at det er aller verst for båtane sine eigarar.
Dei har i lang tid lagt ned eit stort arbeid for å få båtane restaurerte. I «Tafjord» sitt tilfelle starta planarbeidet for restaurering tidleg på 2000-talet. Båten skulle vore ferdig til 100-årsjubileet neste år.
– Ikkje nytt at kulturminne brenn
– Det er ikkje første gong kulturminne brenn like før eller like etter at dei er ferdig restaurerte. D/S «Stord I» er eitt eksempel på dette. Det finst også andre eksempel mellom anna på Austlandet. No får me berre håpa at dei finn brannårsaka, og at i alle fall noko av tapet blir dekka av forsikringar, seier Snemyr.
«Stord I» er også eit godt eksempel på at sterkt brannskadde verneverdige fartøy kan byggjast opp igjen for andre gong.
– Men det er tilbake til start, og vel så det, seier ho.
Veteranbåtar totalskadde i brann ved museum i Hardanger
Kjenner ikkje omfanget
Snemyr hadde torsdag føremiddag enno ikkje snakka med tidlegare kollegaer ved fartøyvernsenteret, og ho har inga aning om det kan lata seg gjera å restaurera «Tafjord» - eller «Jøsenfjord» på nytt.
Dramatisk historie
Den vesle skyss- og rutebåten «Tafjord» har ei svært dramatisk historie. Båten blei bygd for passasjer- og godstrafikk i området Tafjorden og Storfjorden på Sunnmøre. Under den store Tafjord-ulukka i 1934 blei båten kasta 60 meter opp på land.
Ulukka skjedde då store fjellmassar raste ned i Tafjorden og forårsaka flodbølgjer på opp til 63,5 meter. 40 menneska mista livet i ulukka. Mange fleire mista hus og heim. Trass i skadene blei rutebåten «Tafjord» reparert og var i rute på fjordane heilt fram til 1979.
I 2001 overtok nye eigarar med planar om restaurering, og i 2003 gjorde Riksantikvaren vedtak om vern. Restaureringsarbeidet starta på Vestnes i Møre og Romsdal og vidareført ved Hardanger Farøyvernsenter i 2020.