nyhende
Torleif syntest gangane var for triste – no går bebuarane på kunstvandring
Det starta med minnegåver etter gravferda til kona Turid. Sidan har Torleif Bjelland gjort Sørbakken ved Sveio omsorgssenter både meir fargerik og kring 80.000 kroner rikare på kunst.
Torleif Bjelland står i gangen på Sørbakken med hammaren i handa. Rundt han står seks nye bilete klare til å koma opp på veggane, medan sjukepleiar Wenche Helgesen er med på å finna rett plassering.
Bileta skal henga rett, men dei skal òg gjera noko meir. Dei skal gje farge, liv og noko fint å sjå på i gangane på avdelinga på Sveio omsorgssenter.
For Bjelland er Sørbakken ein kjend stad. I fleire år kom han hit som pårørande, då kona Turid budde på avdelinga. Etter kvart begynte han å leggja merke til bileta som hang rundt om på veggane.
– Eg gjekk og trakka rundt her i mange år og såg på desse bileta. Det er jo ein avdeling som treng noko anna, tenkte eg. Det var fine bilete, sjølvsagt, men på ei slik avdeling passa det mykje betre med noko fargerikt, seier Bjelland.
Starta med minnegåver
Då kona døydde, bestemte han seg for å gjera noko med tankane han hadde hatt i fleire år. I samband med gravferda blei det samla inn pengar til kunst på Sørbakken, staden der Turid hadde sine siste år.
Innsamlinga resulterte i dei to første måleria. Sidan har Bjelland teke arbeidet vidare, og då Vestavind er med han til Sørbakken, skal seks nye bilete opp på veggane. Dermed er 18 bilete komne på plass på avdelinga.
– Eg likar Lisa Aisato veldig godt sjølv. Og så er det noko med bileta hennar som passar så godt inn her. Det er gamle folk, unge folk og mykje gode fargar, seier han.
Etter dei første innkjøpa ønskte Bjelland å få opp endå fleire bilete. Han tok derfor kontakt med både lag, organisasjonar, bedrifter og kommunen for å skaffa støtte til prosjektet.
Til saman har arbeidet resultert i rundt 100.000 kroner.
– Næringslivet har vore med på dette, men eg vil særleg trekkja fram pensjonistforeininga, pårørandeforeininga, helselaget, Einstadbøvoll helselag og Sveio kommune, som òg har vore med og støtta, seier Bjelland.
– Nå kan me gå på kunstvandring
Helgesen fortel at bileta allereie har blitt ein del av kvardagen på Sørbakken.
– Nå tek me med bebuarane på kunstvandring gjennom gangane. Det gler ikkje berre bebuarane, men òg oss som jobbar her og dei pårørande, seier ho.
Ho fortel at arbeidet Bjelland gjer, blir lagt merke til.
– Han har brukt mykje av fritida si på å bestilla, henta og gjera bileta heilt klare for oss. Me er utruleg takksame og heldige som har han.
Samtidig understrekar ho at prosjektet ikkje hadde vore mogleg utan støtta frå alle bedriftene, laga og foreiningane som har bidrege.
Fekk hjelp av pårørandeforeininga
Leiar i pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter, Jan Enerstvedt, fortel at Bjelland tok kontakt då han ville koma i gang med prosjektet.
– Eg synest det er veldig positivt. Han kom til oss og spurde om me kunne vera ein slags mellommann, sidan me er organisert slik at me kan ta imot pengar, seier Enerstvedt.
Enerstvedt er imponert over det Bjelland har fått til.
– Han står ikkje berre på for dette, men òg for andre ting og for idrettslaget. Han er ein veldig solid person og har stor kapasitet, seier Enerstvedt.
Alltid noko på gang
På veg gjennom gangane med nye bilde ringer telefonen til Bjelland. Han svarar kort. Når bilda er hengde opp, ventar tydelegvis ei ny oppgåve ein annan stad.
– Han er stødig. Det er ingenting som vippar han av pinnen, seier Helgesen.
Slik verkar det ofte å vera rundt han. Bjelland er engasjert i mellom anna Sveio idrettslag, sambrukshuset, panteboden og Torsdagskveldsen.
– Eg har ein finger med i spelet på alt. Eg set meg aldri ned før i 9-tida, når Dagsrevyen startar, seier han humoristisk.
På Sørbakken er han eit kjent fjes. Både bebuarar og tilsette helsar når han kjem innover gangane. Etter åra som pårørande har han framleis eit nært forhold både til folket og til staden.
– Eg seier aldri nei
Sjølv legg Bjelland ikkje skjul på at han ofte seier ja når nokon spør.
– Eg seier aldri nei. Det er vel det som kjem til å ta knekken på meg òg, seier han med eit lurt smil.
Han fortel at det òg har vore viktig å ha miljø å gå til etter at han vart enkemann.
– Det har vore veldig viktig å vera i ulike miljø. Spesielt når du må få ting litt på avstand, seier Bjelland.
No har engasjementet hans sett synlege spor på Sørbakken. Gangane han meinte trong meir farge, er fylte med bilete til glede for bebuarar, tilsette og pårørande.
Og før Vestavind rekk å forlata avdelinga, blir ein samtale mellom Bjelland og Helgesen fanga opp: Endå eit nytt bidrag er på veg.