nyhende

Lokale stemmer

Arild Steinsland (59) bur i Førde, er prost i Sunnhordland, sykkelentusiast og FKH-supporter.

Utilstrekkeleg?

Eg har, sidan eg sjølv var ungdom, alltid drive med ungdomsarbeid i kyrkja. Det har vore meiningsfullt på mange vis. Ungdom som brenn for noko er alltid kjekt å vere i nærleiken av. Det tenkjer eg mange har opplevd anten i kyrkja eller i annet arbeid der ein har hatt med ungdom å gjere.

Lokal stemmer

Vestavind har invitert lokale stemmer til å vera faste skribentar. Dei kan skriva om kva dei vil. Denne gongen er det  Arild Steinsland sin tur.

Dei seinare åra har eg og mange andre opplevd at det er færre ungdom engasjert i kyrkja. Om det er trua som ikkje strekk til eller det er andre grunnar til dette veit eg ikkje alt om. Men det kan og vere at kyrkja ikkje er relevant nok for det samfunnet vil at vi skal vere. For eg opplev at vi har fått eit samfunn der vi alltid skal streve med å bli noko, noko anna enn det ein var. Og det kan ikkje kyrkja tilby, og vil ikkje kyrkja tilby.

Då vel ein kanskje heller å vere med på stader der ein kan utvikle seg og bli til noko. Men er dette verkeleg berre sunt. 

Fokus på ungdom

I år 2025 og 2026 har ein i Kyrka i Sunnhordland bestemt at vi skal ha fokus på ungdom. Vi kan ikkje bere stå på sidelinja og sjå at ungdom berre vel andre samlingar og ikkje vil engasjere seg i kyrkja. 

I arbeidet med dette har eg lese ei lita bok som heiter «utilstrekkeleg» og den handlar om baksida av medaljen; kva skjer når ein ikkje alltid klarer å bli noko meir enn ein allereie er.

I boka, som er dansk, møter vi blant anna Line, Ho er ein attenåring som er med i ein dansk TV-serie om å gå på vidaregåande skule. Line vil bli noko stort og har det å studere som dagens einaste gjeremål. Ho har laga seg eit livsmotto: «Viss betre er mogeleg så er ikkje godt, godt nok» 

Dei fleste av oss har ikkje verken evner eller lyst til å bli noko stort. Vi vil berre ha eit godt liv og vere den vi eigentleg er, skriv Arild Steinsland. Illustrasjon: ChatGPT

Godt er godt nok!

Oi! Kva seier eigentleg Line her? Jo, for kvar gong ein har gjort noko godt så finnes det alltid noko som er betre. Og då er det berre å fortsette kampen mot perfeksjon. Som vaksen har vi vel lært at perfeksjon ikkje finnes, men kanskje ungdommar trur på det? Dette gjev ungdom ein følelse av alltid å vere utilstrekkeleg, og det gjev ungdommar dårleg psykisk helse, hevder forfattaren av boka. 

Eg trur at han har rett. Men kven har skulda for dette? Er det ungdommen sjølv? Nei, det er sjølvsagt vi vaksne som har forkynt det glade buskap for ungdommen med å seie «bli den beste utgåva av deg sjølv». Men ein kan aldri vite når ein er den beste utgåva av seg sjølv. Det er faktisk uoppnåeleg. Eg tenkjer at det som i utgangspunktet høyrest lurt ut, ikkje er så lurt å seie. Og endå mindre lurt å prøve å leve opp til.

Kanskje vi heller skulle seie; «Godt er godt nok!» For bakom tanken om å bli den beste i utgåva av seg sjølv så ligg det alltid at du skal bli noko stort. Men dei fleste av oss har ikkje verken evner eller lyst til å bli noko stort. Vi vil berre ha eit godt liv og vere den vi eigentleg er.

Du er tilstrekkeleg!

I 2024 feira vi 1000 års jubileet for Kristenretten på Moster. Når vikingane i Noreg skulle lage lover i landet vårt så la dei til grunn ein ting – at vi var skapt i Guds bilete. Det gjorde noko med heile tankegangen deira. Det måtte bety at alle var like og like viktige. Så begynte arbeidet med å tenke at kvinner var like viktige som menn, at barn var like viktige som vaksne og at slaver var like viktige som frie. Alle blei ikkje vikinghovdingar av denne grunn, men alle var like viktige i det dei var skapt som. Med desse lovene gjekk ein frå makt til rett.

Og dermed er du like viktig der du er i samfunnet vårt. Om du er hjernekirurg eller bonde eller er utan jobb så er du akkurat like viktig og har din like naturlege og viktige plass i samfunnet vårt.

Og det er det som er kyrkja sitt bodskap; Vi trur at du er skapt i Guds bilete – det er det einaste som gjev deg verdi. Ikkje kor mange eksamenar du har eller kor god løn du har. Du er nemleg heilt tilstrekkeleg! Så kjære vaksne; kanskje dette er det vi skal seie til ungdommane våre – du er tilstrekkelg! Du er god nok! Då får truleg fleire ungdommar og vaksne eit godt liv!

Andre lokale stemmer:

Powered by Labrador CMS