nyhende

Dei avklipte stripsa har Morten Vågset Møller tatt med som eit minne frå den svært uvanlege starten på ein arbeidsdag.

Pågripen og ulovleg stripsa under militærøving

Det blei ein skremmande start på dagen for Vestavind sin journalist Morten Vågset Møller. Han spurde høfleg ein tropp med militærklede om kva som pågjekk. Det enda med at han vart pågripen og stripsa.

Publisert Sist oppdatert

Fredag morgon fekk Vestavind tips om at det var mange militærfolk ved parkeringa til gravplassen i Sveio. Morten heiv seg rundt, tok med kamera, men gløymde Vestavind-vesten, og parkerte rundt 10 meter frå der HV-troppen sto.

– Eg gjekk roleg bort mot gruppa, presenterte meg som journalist frå lokalavisa og spurde kva som var årsaka til at dei sto oppstilt der, fortel Morten.

Fekk ikkje svar, blei pågripen i staden

Då han var 2-3 meter unna, ropte ein eldre mann til ein annan person at eg skulle pågripast. Dette blei gjort av ei kvinne som la hendene hans bak på ryggen og stripsa han. 

– Situasjonen var ikkje fysisk dramatisk, men eg spurde fleire gonger kvifor eg ble arrestert, om dei hadde lov til å gjera dette, og kvifor dei sto oppstilt der. Eg fekk ikke noko svar, anna enn at eg var pågripen.

Dette var synet som møtte sveibuar og journalist Morten Vågset Møller fredag morgon.

Først blei han sjokkert over det som skjedde, men lurte på om det kunne vera ein spøk. Etter nokre minutt med 10-12 militærkledde personar med maskingevær og alvorleg ansiktsuttrykk rundt seg, begynte han å skjønna at han faktisk var pågripen.

– Etter at eg var stripsa, spurde dei om eg hadde legitimasjon. Eg svara at jeg ikkje hadde det på meg, men at det kunne ligga i bilen min. Eg oppfordra dei også fleire gonger til å gå inn på Vestavind sine nettsider eller googla navnet mitt for å få stadfesta at jeg snakket sant, fortel Morten.

Politiet stadfesta at han snakka sant

Saman med 5-6 personar gjekk han bort til bilen som sto parkert like ved for å sjå om det var legitimasjon der. 

– På dette tidspunktet begynte eg å bli ganske stressa, siden eg fortsatt ikkje hadde fått noko informasjon om kven dei var, eller kvifor eg var pågripen. Dette opplevdes spesielt ubehageleg sidan eg følgde instruksane deira og berre forsøkte å løysa opp i situasjonen. Eg blei også fortald at eg skulle få vita meir når politiet kom for å arrestera meg.

Etter 10-15 minutt kom ein som hadde vore i kontakt med politiet over samband og sa at det Morten hadde forklart stemte. Deretter vart han sett fri.

– Kvinna som pågreip meg spurde om eg var redd. Eg svara nei, men sa at eg reagerte kraftig på korleis dei kunne arrestera ein person som kom alene, roleg og venleg bort til dei. Først då fekk eg opplyst at det var ei øving for Heimevernet, og at dei har eigne reglar for korleis dei skulle handtera personar som oppsøker dei under ei slik øving.

HV-leiar beklagar

– Dette er ikkje greit i det heile tatt. Å gå til det steg å pågripa og stripsa ein sivil person på denne måten er ikkje lovleg. Eg har snakka med journalisten og beklaga. Her har troppen eskalert ein situasjon altfor langt, og på ein måte som ikkje er rett i høve til reglementet vårt. Eg må berre beklaga igjen på vegne av troppen og HV, seier Ståle Roness, områdeleiar HV Hauglandet.

Nokre minutt etter at hendinga var avklara, marsjerte HV-troppen mot Krossleite.

Han forklarar kva som kan vera årsaka til at HV-troppen gjekk for langt:

– Dette er i øving for HV-området Rogaland og Agder. Me samarbeider mellom anna med politiet, og har fått låna den gamle brusfabrikken på Krossleite i samband med øvinga. Onsdag og torsdag blei det øvd på meir skarpe ting, og i dag skulle mannskapa setta det dei har lært ut i livet. Dei veit ingenting om kva som ventar, og var nok litt ekstra gira heilt i starten av øvinga, og trudde at journalisten var noko me hadde lagt inn i spelet, seier Roness.

Vil bli brukt til læring

HV brukar også egne markørar under øvinga, men desse held til i nærleiken av huset på Krossleite. 

– Det første troppen uansett skal spørja om er om vedkommande dei stoppar er markør. Då held øvinga fram ut frå det. Det blei ikkje gjort i då journalisten kom, og hadde raskt avklart at dette var ein sivil person som skal behandlast på ein heilt annan måte enn markørar, forklarar Roness.

Når Vestvind snakkar med han nokre timar etter hendinga, er rapport om hendinga allereie levert.

– Historien til både våre folk og journalisten er heilt samsvarende, og journalisten har ikkje gjort noko som gir grunn til å gå så lang som å pågripa og stripsa han. Dette vil bli behandla oppover i systemet og brukt til læring på korleis ein ikkje skal takla ein slik situasjon med sivile, seier Roness.

Berre politiet har lov

I fredstid er det berre politiet som har lov i pågripa og stipsa personar.

– Men det kan gjerast med markørar under øvingar. Dette ser ut til å vera eit eksempel på overtenning der ein har trudd at dette var ein markør som ein del av øvinga. Det same har skjedd i øvingar både i politiet og forsvaret før, og kjem nok til å skje igjen, seier politisjef Edgar Mannes ved Haugesund politistasjon.

Powered by Labrador CMS