nyhende
Dobbel gulljubel for Sveio
Førre helg kunne to spelarar frå Sveio jubla for gull i final four i Mizunoligaen. Håkon Sveen Lothe vann med BK Tromsø på herresida, medan Sarah Kvalvågnes Guddal gjekk til topps med TIF Viking på kvinnesida.
Final Four er det avsluttande sluttspel i Mizunoligaen, der dei beste laga i landet møtast for å kjempa om sluttspelpokalen.
Sveen Lothe og BK Tromsø var direkte kvalifisert til semifinalen etter å ha enda på andreplass i serien. I semifinalen slo tromsølaget Koll IL 3-2, før det blei 3-1-siger mot Førde Volleyballklubb i finalen 18. april.
– Det er stort. At me faktisk klarte det, er heilt fantastisk. Det er ei ubeskriveleg kjensle. Me var der for å vinna, og det gjorde me, seier han.
Lever for volleyball
Ved sida av satsinga som spelar er Sveen Lothe engasjert i styret i klubben og bidreg aktivt i breiddemiljøet. Han studerer òg idrettsvitskap med mål om å ein dag kunna jobba som trenar.
– Eg pustar og lever for volleyball, seier han.
Drøymer om Europa
Men før spelar-karrieren er over, har Sveen Lothe eit klart mål om å prøva seg på eit endå høgare nivå.
– Det er ein draum å koma seg ut til eit lag i Europa, på proffnivå. Det er lagt ein plan utan at noko er konkret, men forhåpentlegvis dreg eg til Tyskland etter neste sesong, seier han.
Gull på kvinnesida
På kvinnesida var òg Sveio godt representert under Final Four, med to spelarar frå bygda på kvar si side i sluttspela.
TIF Viking, med Sarah Kvalvågnes Guddal på laget, slo Koll IL 3–1 i semifinalen.
Førde volleyballklubb, der Malin Nummedal Halleraker spelar, tok seg vidare etter 3–0 mot ØKSIL.
I den avgjerande kampen var det likevel TIF Viking som gjekk sigande ut. Laget vann 3–1, og Kvalvågnes Guddal kunne dermed avslutta sesongen med gull.