nyhende
Bålbrenning kom ut av kontroll - spreidde seg til bod og gjerde
Ei bålbrenning på ei privat adresse i Kvalvågvegen i Sveio kom fredag kveld ut av kontroll. Flammane spreidde seg til både ei bod og eit gjerde, i tillegg til terrenget.
Politiet meldte om hendinga klokka 21.14. Då var både politi og brannvesen på veg til staden. Ifølgje politiet hadde flammane spreidd seg til ein bod og eit gjerde. Det brann òg i terrenget, og det blei først meldt om vidare spreiingsfare.
Då naudetatane kom fram, hadde brannvesenet fått kontroll på brannen.
– Politiet fekk melding om eit bål som hadde komme ut av kontroll. Då me kom til staden, hadde brannvesenet meldt at dei hadde kontroll på brannen. Det var ingen spreiingsfare, sa politioverbetjent Stian Dahl på staden.
Ifølgje Dahl var det snakk om eit bål inne på ei tomt, som hadde spreidd seg til ein bod nokre få meter unna.
– Den boden er totalt nedbrent. Men det er ingen verdiar som er gått tapt, sa Dahl.
Klokka 21.25 opplyste politiet at brannvesenet var på staden, og at sløkkinga pågjekk. Då var det ikkje spreiingsfare. Like før klokka 21.40 meldte politiet at brannen var sløkt.
Politiet har tatt forklaring frå huseigarane på staden. Ifølgje Dahl handlar det om å få klarheit i kva som skjedde, og kvifor bålet kom ut av kontroll. Han viser òg til at det er generelt bålforbod frå 15. april.
– Me vurderar å oppretta anmelding, sa Dahl.
Det er ikkje meldt om personskade etter brannen.