nyhende

Lokale stemmer

Jorunn Skåden (72) bur på Flatnes, er tidlegare ordførar i Sveio, golfentusiast og trimleiar.

Farmor og Mille på juletrefest

Farmor hadde lyst til å gå på juletrefest og spurde Mille om ho ville vera med. Det hadde Mille, og lurte på kva juletrefest var for noko.

Publisert

Vestavind har i høve 40-årsjubileet invitert lokale stemmer til å vera faste skribentar. Dei kan skriva om kva dei vil, og først ut er Jorunn Skåden.

Farmor fortalde og forklara korleis ein slik fest var, og at det hadde lang tradisjon. Heilt frå farmor var liten – og lenge før det. Allereie i gangen på veg inn i soknehuset møtte farmor eit kjent bilete, kåper og jakker over einannan i gangen med bytesko under. For på Julatrefest er det fine klede og finsko.

Då farmor var liten var det juletrefesten i Ørevik som var plassen. Her var det byterom i andre etasje på skulen. Ei smal og bratt trapp leia opp der alle la frå seg ytterkleda. Det var denne atmosfæren farmor kjende litt på. På pultar bortetter låg kåper og frakkar i haugar. Det lukta lakksko og besteklede.

Forventninga steig hos Mille, som saman med farmor fann fin plass bakerst ved eit langbord – her var folk tidleg ute og fylte opp salen. Det lova godt at folk er tidleg ute, tenkjer farmor. Juletreet stod midt i rommet. Plassen var perfekt. Koret sette stemninga med vakker song.

Der var så fin bordpynt! Framfor oss låg granbar med kuler frå jul og lyslenke. Farmor blei vel litt streng i blikket når ho såg at lyslenka gjekk av og på til tider. På bordrekka bak farmor og Mille var det ein liten baby som laga slike herlege babylydar. Her fann Mille noko å vera opptatt av, og dei to kommuniserte med gode smil og drøsing.

På veggen kom det fine bilete, og ei hyggeleg dame fortalde om ein søt liten engel. Mille overraska farmor med å seia rett ut: Jesus og Gud er det samme! Ja, det har du sikkert rett i, kviskra farmor.

Så skulle me gå rundt juletreet. Mille og farmor hamna i ytterste ringen. Alle song veldig fint. Her heldt me hender med den som var nærast. Farmor fekk tanken om at jammen var det godt å halda i ei hand til ein som ein ikkje hadde sett på ti år! Så skulle me byta retning, gå motsatt veg. Då er det veldig lett for at ein mister handa til den du nettopp hadde funne.

Mille spurde om det var sånn me feira jul i Noreg? Her hamna Mille plutseleg innerst ved treet. Det gjekk kjempefint likevel. Her passa alle på alle. Til og med under songen «Så gjør vi så når vi vasker vårt tøy, tidlig ein mandags morgen», var det ingen problem å henga med.

Så skulle me gå rundt juletreet. Mille og farmor hamna i ytterste ringen. Alle song veldig fint. Her heldt me hender med den som var nærast. Illustrasjon: ChatGPT

Mille lyste opp når songen «O, jul med din glede», vart sunge. Her kunne me både klappa, neia og bukka – og snu oss i ring. Farmor fekk nokre alvorlege tankar når songen var slik:

Så rekker jeg deg nu med glede min hånd, kom skynd deg å gi meg den andre. Så knytter vi kjærlighetens hellige bånd og lover å elske hverandre. Tenk om fleire hadde halde hender, tenk om fleire hadde sunge den songen! Trump og Putin burde høyrt denne songen.

Bakerst i salen venta eit bugnande kakebord. Farmor let Mille finna sjølv, og også eit fat til farmor. Mille kom tilbake med kjempegode kaker – passeleg på fatet. Mille anbefalte kokostoppar dyppa i sjokolade! Farmor hadde nettopp bestemt seg for at nå var det slutt på sjokolade. Men det var nå litt dumt å takka nei til Mille sitt herlege forslag, så det blei ei kokosmakrona og to!

Noko kunne vera litt annleis tilbake i tid, og tankane er tilbake i Ørevik. Når barnefamiliar hadde fare heim, og tida var overmoden for legging av dei minste, var det ungdommane sin tur. Gamle, gode julesongar som hadde lang tradisjon, vart nå sunge av ungdommar. Jenter og gutar heldt hender og byttest på i kvar runde. Dette har Invar Moe skildra så fint i diktet «Juletrefest».

Men juletrefesten for farmor og Mille var ikkje heilt over. Julenissen kom på besøk! Nissen hadde Mille forlengst avslørt. Han har vanlege øyrer, seier Mille, sjølv dei minste kan sjå det! Stor godtepose sette punktum for ein fin kveld.

Farmor fekk ein kjempegod klem og tok det som eit teikn på at juletrefest, det var kjekt!

Powered by Labrador CMS