nyhende
Trossa snøvêret – Sveio sitt første gåfotballag er i gang
Fredag føremiddag lava snøen ned i Sveio, men det stoppa ikkje deltakarane på den første treninga til Sveio sitt nyoppstarta gåfotballag.
– Eg var litt redd for at vêret skulle føra til at treninga måtte avlysast, seier Kåre Bjelland.
Han greip moglegheita til å snøra på seg fotballskoane igjen, nokre tiår etter at han gav seg som oldboys-spelar i Sveio.
Gjengen lét seg ikkje stansa av vintervêret. I staden fann dei fram snøskuflar og gjorde banen klar til spel.
Fem spelarar var allereie i gang då Vestavind-journalisten kom til kunstgrasbanen i Sveio. For å få like store lag vart journalisten raskt ein del av kampen.
Etter økta var gjengen tydeleg nøgd med å ha fått sett i gang det nye tilbodet.
– Det er eit veldig kjekt tilbod, seier Bjelland nøgd.
No håpar han og resten av deltakarane at endå fleire vil vera med på neste trening – og at vêret spelar litt meir på lag.