nyhende

To arbeidarar ved ein gravemaskin frå Birkeland AS på ei oppgraven vegstrekning.
Arbeidet på Løkjavegen er godt i gang, men det er framleis uvisst når den stengde strekninga kan opnast igjen.

Opninga av vegen let venta på seg

Deler av Løkjavegen vart før påske stengd då det vart oppdaga sprekkar i asfalten. Arbeidet med å få vegen tilbake er i gang, men noko opning let venta på seg.

Publisert

Strekninga frå krysset inn til Sveio omsorgssenter og opp til Tjernagelvegen blei stengd før påske etter at det blei oppdaga sprekkar i asfalten. Bekken nedanfor hadde tæra på grunnen vegen står på. Det førte til at delar av autovernet og vegskuldra byrja å sige ut.

Prosjekt- og byggeleiar i Sveio kommune, Andreas Ekreheim.

– Vegen blir nok stengd i nokre månader, men det er veldig usikkert, seier Andreas Ekreheim, prosjekt- og byggeleiar i Sveio kommune.

Sveio kommune har engasjert Birkeland AS til å utføra gravearbeidet, og geoteknikarar er òg kopla på for å vurdera grunnforholda og kva tiltak som må til for å sikra vegen.

Betre enn frykta

Richard Årteig, maskinførar i Birkeland AS, har sidan stenginga arbeidd med å grava ned til fjell.

– Me må komma oss ned på fast fjell før me kan byggja opp vegen igjen. Me frykta at det var jord ganske langt ned, men førebels ser det ut til å vera meir fjell enn me trudde, seier han.

Richard Årteig i Birkeland AS arbeider med gravearbeidet på den stengde delen av Løkjavegen. No blir det grave ned til fast fjell før vegen kan byggjast opp igjen.

– Samstundes har infrastruktur rundt vegen gjort at arbeidet har blitt meir omfattande enn det ideelt sett ville vore, legg Ekreheim til.

Prosjekt- og byggeleiarar understrekar òg at det framleis er stor uvisse knytt til både framdrift og kostnader.

– Generelt tek slike byggeprosjekt lengre tid enn forventa og kostar meir enn ein antek. Her veit me framleis ikkje heilt kva som ventar oss medan gravinga pågår, seier han.

Powered by Labrador CMS