nyhende
Vil starta gåfotball i Sveio: – Her må me vera først
Etter eit føredrag under aldrings- og helsedagane i fjor haust fekk fysioterapeut i Sveio kommune, Kristoffer Ervesvåg, ein idé han no håpar å gjera om til eit fast tilbod.
– Eg synest gåfotball høyrdest ut som ein god idé. Og så fann eg ut at det ikkje var noko liknande her på Haugalandet. Så eg tenkte: Her må jo me vera først.
Oppstarten er sett til fredag 13. mars, og treningane blir ein vekentleg møteplass på dagtid for eldre i Sveio kommune.
– Eg håpar dette kan bli ein ting folk gler seg til. Og når helga kjem, kan dei kjenna at dei har helg, fordi det skjer litt i løpet av veka, seier fysioterapeuten, som håpar at interesserte tek kontakt.
Tilpassa fotball
Dagleg leiar i Sveio idrettslag, Håkon Kvarme Thorsen, skildrar gåfotball som ein rolegare versjon av sporten mange kjenner.
– Det er fotball, ein tilpassa variant for eldre, med mykje rolegare tempo og litt andre reglar. Den største skilnaden er at du ikkje har lov til å springa.
Han meiner det kan passe for fleire enn dei som har spelt før.
– I første omgang er det snakk om ei treningsgruppe, og både kvinner og menn kan bli med, enten du har spelt fotball før eller ikkje, seier Thorsen.
Ein boost
Ervesvåg trekker fram helsegevinsten, særleg for eldre som ønsker aktivitet utan at terskelen blir for høg.
– Det er ganske stor helsegevinst av å vera med. Du får både vera fysisk aktiv og sosial. Den generelle folkehelsa til dei som deltek vil på ein måte få ein boost.
Samtidig skal det sosiale få ein tydeleg plass. Guro Røher i Sveio frivilligsentral opnar dørene på samfunnshuset før trening, slik at deltakarane kan starta med ein kopp kaffi. Etter økta er det lagt opp til å kunna halda fram praten på fredagskaféen.
For å få god flyt frå start håpar arrangørane å samla ei gruppe som er stor nok til at det blir liv på banen.
– Me har sagt minimum åtte for å få ein god start, seier Ervesvåg, som gjerne blir med på laget om ein spelar manglar.
Håpar fleire lag kan kome etter
Dei første treningane blir lagde opp slik at folk kan prøva. Seinare blir tilbodet knytt tettare til idrettslaget. På sikt håpar Thorsen at gåfotballen kan veksa vidare, viss interessa er der.
– Det finst turneringar både i Noreg og internasjonalt. Og eg synest det hadde vore kjekt om fleire lag på Haugalandet kom etter, kanskje ein eigen Haugaland-cup etter kvart, avsluttar Thorsen, som alt har begynt å drøyma om å senda sveibuar til verdsmeisterskapet i idretten.