nyhende
På jakt etter noko sunt og godt? Dette er både grønt og gratis
Naturen er eit bugnande spiskammers. Her er nokre av dei ville vekstane du trygt kan plukke og lage mat av.
– At styresmaktene ikkje informerer om kva folk kan sanke i naturen og kva planter som verkeleg kan hjelpe oss i ei krise, undrar meg. Det er ein stor mangel ved den nye, nasjonale beredskapsbrosjyren, seier Kristine Enger (58).
I beredskapsbrosjyren frå 1969 stod det til dømes om matverdien til både karvekål, skvallerkål, nesle, meldestokk, svinemelde og løvetann, fortel ho, og peikar på at naturen sitt eige spiskammers har redda mange liv opp gjennom historia. Det vil dei grøne matskattane truleg også gjere i framtida, om me tek vare på kunnskapen om dei.
– Interessa for dyrking har auka
Sjølv har Enger brukt viltveksande planter i mat og drikke og mot vanlege plager i 20 år. For fem år sidan vart ho sertifisert som såkalla nyttevekstkyndig av Norges sopp- og nyttevekstforbund. Det betyr at ho har forbundet si høgaste utdanning innan nyttevekstar og etnobotanikk. Med si nye bok «Spiselige ville planter» vil ho også gjere resten av oss til trygge sankarar og inspirere til å ta det gratisgrøne i bruk.
– Interessa for både friluftsliv og dyrking har auka dei siste åra, og sanking er ei naturleg forlenging av dette. Om ein ikkje har hage eller bur ein stad i landet der dyrkeforholda er krevjande, har ein likevel tilgang på utruleg mykje mat og næring i naturen gjennom store delar av året, fortel ho.
Smørbukk og strutseving
Visste du til dømes at kveke kan vera spesielt nyttig om det blir avgrensa tilgang på mjøl og stivelse? Til liks med mellom anna islandsk lav, raudalgen søl, tangmelde, krushøymol og fuglevikke?
Eller at det finst ein haug med ville grønsakplanter å ta av? Du kan til dømes bruke røter frå harerug, gåsemure og ugrasklokke. Etande blad og stilk får du mellom anna frå kvann, skjørbuksurt, strandreddik, karve, skvallerkål og marikåpe. Ja, og meldestokk, strandstjerne, vassarve, østersurt, groblad, smørbukk og strutseving.
Enger understrekar at ville planter ikkje er meinte som erstatning for det beredskapslageret styresmaktene no tilrår alle hushald å ha, men at dei kan vere viktige tilskot. Plantene er uansett så sunne at dei gjerne kan inngå i den daglege kosten vår, seier ho.
Fire favorittar
Om Enger likevel skulle løfte fram nokre beredskapsfavorittar, ramsar ho raskt opp brennesle, løvetann og tangmelde:
– Brennesla er den mest sanka planta i verda og blir brukt både til mat og medisin. Ho er svært utbreidd. I Noreg er nok likevel løvetann den fremste beredskapsplanta, fordi heile planta er etande og veks nær over alt. Den beste tida for å snake løvetann er vår og haust, og ein kan nytte blada i salat, supper, gryter og paiar. Røtene har dessutan masse betakaroten, meir enn i gulrøter, som kroppen lagar om til A-vitamin, fortel ho.
Tangmelde, til liks med søskenplanta meldestokk, er også svært utbreidd. Blada inneheldt både A-og C-vitamin og jern og kalsium. Frøa er dessutan rike på karbohydrat, feitt og protein, forklarar ho.
Enger nemner også grisetong, som er rik på vitamin, karbohydrat, protein og jod. Tidlegare vart tangen nytta som husdyrfôr langs heile norskekysten, men i dag blir han hovudsakleg hausta og brukt til produksjon av algeekstraktar og tangmjøl. I Irland og Canada blir tangen elles brukt som fôrtilsetning til storfe, for å redusere metanproduksjon og auke mjølkeproduksjon.
På midtribba på tangen veks det dessutan ein raudleg alge kalla grisetangdokke. Han er ein av vokstrane som er verdt å merke seg for dei som likar å boltre seg på kjøkenet, seier Enger:
– Grisetangdokke blir også kalla trøffeltong, fordi han smakar som fransk trøffelsopp. Han kan tørkast og knusast til eit pulver som du blandar i olje eller salt og nyttar som smaksforsterkar. Dette er ein av fleire «hemmelege» ingrediensar i gourmetklassen som finst heilt gratis i naturen, reklamerer ho.
Energibomber
På landsbasis finst det meir enn hundre vanlege ville og etande planter. I boka si fortel Enger inngåande om 50 av dei og korleis dei kan nyttast. Felles for plantene ho har valt ut, er at dei er utbreidde og tilgjengelege i store delar av landet.
Sjølv held Enger hus på Randaberg på nordspissen av Jæren, der ho jobbar som fagdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland. Området er kjent for sitt milde klima. Enger sankar mykje planter i nærområdet, og ved hytta på Hebnes i Ryfylke, der ho har kort veg til både skog og sjø. Begge plassane ligg i klimasone 1. Det gjer at ho har tilgang til det meste av vokstrar, og at dei kjem tidleg. Det betyr at ho også kan vera tidleg ute med grøne nyheiter på Instagram, der ho deler sanketips med dei 11.500 følgjarane ho har på kontoen @sankeliv.
Om plantene er i sesong eller ikkje, er likevel ikkje avgjerande for når du kan ete dei. Med litt planlegging kan også ville vokstrar oppbevarast gjennom vinteren, understrekar ho:
– Dei fleste blad og røter kan tørkast, og ein treng heller ikkje straum for å tørke dei. Etter at du har hakka opp røtene, kan du leggje blad og røter utover på brett i tynne lag i eit luftig i rom i to-tre dagar. Snu litt på plantene iblant og unngå direkte sollys. Når dei er tørre, kan du knuse dei til pulver og bruke pulveret som kosttilskot i supper og gryter, seier Kristine Enger.
– Ja, eller til å lage mineraluttrekk. Eg er veldig glad i uttrekk av nesle, og drikk gjerne eit par koppar kvar dag i vårsesongen. Nesle inneheldt mellom anna kalsium, jern, selen, sink, bor, krom, kopar og magnesium, og uttrekket blir difor mørkebrunt på farge. For meg er det ei skikkeleg næringsbombe som gir masse energi no om våren.