nyhende
Bil havna på taket og tok fyr
Tysdag kveld rykka nødetatane ut til melding om ei trafikkulykke på E39 ved Valestrand.
Meldinga gjekk ut på at det var brann i ein bil som låg på taket. Det vart også meldt om brann i terrenget i nærleiken av bilen.
Kraftig røykutvikling
Klokka 20.53 melde politiet at politi og brannvesen var på ulykkesstaden.
– Vegen er stengt. Ein person involvert, ukjent skadeomfang. Det skal fortsatt brenna i bilen, og det meldes om kraftig røykutvikling frå staden, opplyste operasjonsleiar Arnt Henning Larsen ved Sør-Vest politidistrikt.
Nokre minuttar etter kom det ny melding i politiloggen om at brannvesenet hadde sløkt brannen.
Mistenker ruskøyring
Klokka 22.17 var politiet framleis på staden, og vegen var midlertidig opna med manuell dirigering.
– Førar av bilen, ein mann i 20-åra, blei køyrt til Stord sjukehus for sjekk. Politiet opprettar sak på forholdet. Førar er mistenkt for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand, og vil bli tatt nødvendige prøver av, seier operasjonsleiaren.