nyhende
Tap for Sveio i serieopninga
Sveio fekk ein tung start i 5. divisjon då laget tapte 0–1 heime mot Etne onsdag kveld. Kampens einaste mål kom før pause, og heimelaget klarte aldri å slå tilbake.
– Det er jo litt sånn med første kamp. Me har vorte vande med å ikkje gjera det så bra i første kamp i sesongen. Det vart for så vidt sånn denne gongen også. Eg veit ikkje om det blei prega av nerver, men me gjer mykje dumme feil, seier Sveio-trenar Henrik Grasdal Larsen.
– Kjedeleg kamp
Etne avgjorde oppgjeret med ein skåring etter 34 minutt, og resten av kampen gav få store moglegheiter framfor mål.
– Nei, det var vel eigentleg ein kjedeleg fotballkamp. Litt sjansefattig. Det var ikkje så mykje som skjedde, eigentleg, verken for oss eller dei. Så blei det litt prega av vér og vind for all del, men det er ikkje akkurat nokon unnskyldning. Det var eigentleg ein kjedeleg kveld, oppsummerar han.
Ser framover
Sjølv om serieopninga blei skuffande, ser han no framover mot dei neste 21 kampane som ventar.
– No har me fått børsta av oss den første seriekampen, og no må me sjå framover. Det er herleg å vera i gang, avsluttar trenaren.
Sveio ligg førebels på 10. plass i 12-lagsserien, og neste kamp for raudtrøyene er borte mot Falkeid onsdag 8. april.