nyhende

Sveio-trenarane Helge Røksund (t.v.) og Henrik Grasdal Larsen trur laget kan ta nye steg i sin andre sesong i 5. divisjon.

Sveio-trenarane trur på nytt løft: - Me kan vera med der oppe

Sveio enda på femteplass som nyopprykka i fjor. No går laget inn i sin andre sesong i 5. divisjon med større tryggleik - og tru på at dei kan blanda seg inn høgare oppe på tabellen.

Publisert

Då serien var ferdigspelt i fjor, skilde det seks poeng mellom Sveio og andreplassen. Samstundes er Vedavåg/Karmøy, som var laget å slå i avdelinga, borte etter opprykket. Det gjer utgangspunktet litt annleis før 2026-sesongen.

Sveio var det einaste laget som slo Vedavåg/Karmøy i fjor. Det er noko trenarduoen tek med seg inn i ein ny sesong.

– Me er gode nok til å slå alle. Det viste me jo i fjor, då me var det einaste laget som slo Vedavåg/Karmøy, seier Henrik Grasdal Larsen.

Bak dei var det jamt i fjor, og nettopp det gjev Sveio håp om at avstanden til topplaga ikkje treng å vera stor heller i år.

Der det glapp

Fjorårssesongen vart likevel for ujamn til at Sveio klarte å melda seg skikkeleg på i toppen. Laget fekk ein tung vår, og var heilt nede på 11. plass før det løyste seg etter sommaren.

Når trenarane ser tilbake på fjoråret, er det ikkje toppkampane dei først peikar på.

– Det var mot laga lenger nede på tabellen me tok for lite poeng. Det var der det kosta oss mest, seier Grasdal Larsen.

Etter sommarpausen såg det annleis ut. Sveio fekk betre flyt, fleire resultat gjekk rett veg, og laget klatra til slutt opp til femteplass.

Vil treffa tidlegare

Det trenarane håpar på no, er at laget skal finna det nivået tidlegare enn i fjor. Då slepp dei kanskje å bruka halve sesongen på å henta inn att det som blei tapt i starten.

– Klarar me å ta nye steg og vera meir stabile gjennom sesongen, så trur eg me kan vera med der oppe. På sikt trur eg òg opprykket kjem, seier Helge Røksund.

For eitt år sidan kom Sveio opp som nyopprykka og måtte læra seg nivået undervegs. No går dei inn i sesongen med erfaring frå divisjonen, og det gir eit anna utgangspunkt.

– Me brukte tid på å forstå kva som kravdest frå veke til veke. Den erfaringa håpar me å ha igjen for no, seier Røksund.

Vil snakka om prestasjon

På spørsmål om kva som er målet for sesongen, vil ikkje trenarduoen låsa seg til ein bestemt tabellplass. Dei er meir opptekne av korleis laget framstår, og korleis det utviklar seg gjennom sesongen.

Sjølv om nokre spelarar mangla då biletet blei tatt, får Sveio-troppen mykje ros av trenarteamet, som meiner laget går inn i sesongen i god fysisk form.

– Det viktigaste er at me blir betre. Har me for mykje fokus på poeng og tabell, så kan det fort bli tungt når det luggar litt, seier Røksund.

Her er alle laga i avdelinga:

  • Djerv 1919 2

  • Etne

  • Falkeid

  • Finnås

  • Kopervik 2

  • Nord 2

  • Skjold/Stegaberg

  • Skudenes

  • Solid/Stord 2

  • Sveio

  • Ølen

  • Åkra 2

Det er ei erfaring dei tek med seg frå i fjor, då motgangen i vårsesongen sette både laget og resultata under press.

Må tola ein lang sesong

Ein sesong i 5. divisjon handlar òg om meir enn berre dei elleve som startar kampane. Trenarane veit at troppen kjem til å bli sett på prøve undervegs.

Nokre spelarar kan bli borte til militæret, andre kan flytta eller vera utilgjengelege i periodar. Då blir det viktig å ha ei gruppe som toler det.

– Sånn er det berre på dette nivået. Då gjeld det å ha ei gruppe som toler det, seier Grasdal Larsen.

Trenarduoen opplever òg at laget står sterkare fysisk enn tidlegare. Det kan bli viktig i ein divisjon der mange oppgjer lever lenge og troppen kan vera tynn.

Har peikt ut favoritten

Sjølv om Sveio-trenarane ser moglegheiter i årets avdeling, er dei ikkje i tvil om kven dei held som favoritt før seriestart.

– Skjold/Stegaberg ser sterkast ut og må reknast som favoritt, seier Røksund, med støtte frå trenarkollega Grasdal Larsen.

Dei første svara på korleis årets sesong faktisk blir, kjem 25. mars, når Sveio tek imot Etne på Sveio kunstgras.

Powered by Labrador CMS