nyhende
Bunadsklar til 17. mai: – Du kjem langt med Zalo!
Om du vil ha finast mogleg bunad til nasjonaldagen, burde du ha starta 18. mai i fjor. Her er dei beste tipsa frå bunadsekspert til deg som er litt seinare ute.
– Gleda over å eige og kunne ta på seg ein bunad, bør vera større enn angsten for ikkje å ha stroke skjorta godt nok. Det er jo ingen som går rundt på 17. mai og studerer skjortene til folk, seier Barbro Storlien.
– Stell av bunad er heller ikkje så komplisert som folk trur, forsikrar ho.
Bunadstilverkaren står bøygd over ei skrukkete skjorte i systova si medan dampen putrar frå strykejernet. Her inne er det brodering, montering og omsaum av bunad som er hovudgeskjeften, når ikkje Storlien kursar folk i det same.
Sjekk 18. mai, ikkje 16. mai
Storlien veit betre enn mange at det skal mykje til for å øydeleggje eller gjere feil når ein skal gjere klar ein bunad. Bunadsplagga er laga i naturmaterialar av høg kvalitet som ofte kan halde seg fine over fleire generasjonar.
Likevel er det truleg fleire som kunne hatt hjelp av å planleggje litt betre, seier ho til Nynorsk pressekontor:
– Det hadde nok vore lettare for ein del viss dei gjekk over bunaden sin den 18. mai; etter at han har vore i bruk, i staden for å vente til 16. mai året etter, seier Storlien, som jobbar som lærar ved bunadsopplæringa i regi av mellom anna Norges Husflidslag og Norsk folkedraktforum.
– Før du heng bunaden inn i skåpet att, bør du fjerne flekkar, sjå over at ikkje hekter eller andre ting har losna, og vaske skjorta. Då blir alt mykje enklare neste gong du skal bruke han.
– Folk får gjera som dei vil
Ho oppmodar difor dei som gir bort ein bunad, til også å gje mottakaren eit lite kurs i korleis ein oppbevarer og steller bunaden. Ho er derimot ikkje av dei som moraliserer over kva som elles er «lov» og ikkje, det vere seg om det er greitt å bruke solbriller eller sminke til bunad, eller om det er innafor å erstatte eit tradisjonelt hovudplagg med ein nymotens, brodert hårbøyel.
– Personleg synest eg det er fint om ein heldt tilbehøyret nokolunde naturleg, og eg fortel alltid ein kunde eller kursdeltakar kva som er historisk riktig bruk av bunaden og det som høyrer til. Men utover det må folk få gjere som dei vil. Det er betre at ein ungdom brukar bunad med hårbøyel og kjenner seg fin, enn at ho ikkje brukar bunaden i det heile.
Under får du ekspert-tipsa:
Skjorta
Vask: – Skjorta bør vaskast like etter at ho er brukt. Legg ho gjerne i kaldt vatn over natta først, før du vaskar ho i maskina på 30 grader (maks 40) med sentrifugering på maks 800 omdreiingar. Dei fleste nye vaskemaskiner er så skånsame at det går heilt fint. Då blir også skjorta skikkeleg skylt. Anten skjorta er i lin eller bomull, er det jo naturmateriale og stoff av god kvalitet. Dei toler faktisk meir enn mange av kvardagsplagga me brukar. Også silkeskjorter kan vaskast med Milo på ull- og silkeprogram i maskin. Er du framleis ikkje overtydd, rår eg deg til å lese bruksrettleiinga på vaskemaskina.
Har du fått leppestift, foundation, deodorant eller raudvin på skjorta, er det lurt å fjerne flekken før du legg skjorta i maskina. Til det kan du bruke sitronsåpe eller oksegallesåpe, men som regel går det fint å fukte flekken med litt Zalo-vatn, og tappe lett. Ikkje gni, for då kan fibrane i stoffet reise seg.
Om du har ei skjorte du likevel meiner det er best å vaske for hand, er det svært viktig at du skyl ho godt etterpå, til vatnet er heilt klart. Det kan fort bli sju skyljingar. Om det sit att såperestar, kan skjorta nemleg bli gul eller få skjoldar.
Tørk: – Skjorta bør tørke flatt etter vask, før du brettar ho saman og legg ho i ein skjortepose eller eit gammalt putevar. Om ein lèt skjorta henge på ein kleshengar lenge, kan ho få sig ved skuldrene. Ikkje stryk skjorta før du legg ho bort, det kan føre til at ho gulnar.
Stryk: – Bruk dampstrykejern. Du kan gjerne stryke skjorta ei veke før, og minst to dagar før du skal bruke ho att. Det gjeldt ikkje minst linskjorter. Mange trur at ei linskjorte bør strykast kvelden i førevegen, for at ho ikkje skal bli gul eller skrukkete att. Men fibrane i lin heldt svært godt på fukt, så om du dampar skjorta kvelden i førevegen, kan fibrane framleis vera våte når du skal bruke skjorta. Då får du fort skrukker og trekkspeleffekt oppetter ermane. Etter at du har stroke skjorta i god tid, er det difor fint å la ho hengje luftig. Det same gjeldt om du skal stryke linforklede.
Eg stryk alltid skjorta på vranga og byrjar nedst på skjortebolen. Då får du dobbeltsjekka at strykejernet er passe varmt og ikkje set flekkar på meir synlege stader. Under strykinga, er det viktig å få halslinningen, mansjettane og ermane fine. Forstykket og bakstykket kan du berre glatte over. Når eg stryk ermane, brukar eg ein bukk, og byrjar alltid på undersida av ermet. Har du ikkje bukk, legg du først ermet flatt på ei side, før du snur og gjer det same. Vil du ha runde ermer, stryk du toppen av ermet flatt først, før du brettar ermet dobbelt i saumen slik at pressen kjem i saumen.
Bunaden
Fjern flekkar: – Sjølve stakken er ofte laga av ull, som er eit veldig lettstelt materiale. Gå alltid over stakken før du heng han bort. Om flekkar får sitte lenge, blir dei vanskelegare å få av, og vanskelegare å hugse kva for type flekk det er. Møll er dessutan ekstra glade i feitt og matflekkar. Om du har fått ein flekk, kan du først prøve å skylje han bort med reint vatn. Hjelper ikkje det, kan du ha litt Zalo-vatn på ein klut og prøve å «dytte» på flekken. Skyl godt etterpå for å unngå skjoldar frå såpa.
Til sist kan du gå over med ein klesbørste. Sjå til at stakken ikkje er fuktig når du hengjer han inn i skåpet. Då kan du mellom anna øydeleggje faldane i somme bunader.
Stryk: – Om forkledet på bunaden er skrukkete, stryk eg det på vranga med eit dampstrykejern. Du kan også bruke ein moderne steamar. Har du korkje dampstrykejern eller steamar, kan du ta ein lang, varm dusj og la bunaden hengje i dampen på badet. Etterpå kan du berre glatte over han med hendene.
Reins: – I utgangspunktet treng du sjeldan eller aldri å reinse stakken. Reins er ei kjemisk behandling som slit på stoffet, så det ventar du med til det verkeleg er behov for det – som når du har fått ei heil blautkake i fanget. Elles heldt det med flekkfjerning og lufting.
Sølvet
– Sølv bør generelt oppbevarast i tettpakka plast, slik at det ikkje oksiderer og blir svart. Bunadssølv kjem i oksidert, forgylt, kvitt og gammalforgylte variantar. Uansett overflate, kan du dyppe sølvet i ei skål med vatn og nokre dropar Zalo, og vaske det med ein mjuk tannbørste eller klut som ikkje loar. Er det mykje søl på sølvet, kan du ha 1 ts salmiakk i 1 liter vatn, i tillegg til nokre dropar Zalo. La i så fall sølvet liggje i salmiakkvatnet i ti minutt, før du pussar det lett og skyl grundig med reint vatn. Du kan gjerne tørke sølvet med ein hårfønar på middels varme.
Sølvdip kan i utgangspunktet brukast på alle sølvtypar, men du bør vera særleg forsiktig med sølv som er oksidert, forgylt eller gammalforgylt. I verste fall kan sølvet lysne eller miste forgyllinga eller oksideringa. Om du likevel brukar sølvdip, er det viktig at du berre dyppar sølvet raskt, og at du skyl sølvet godt under rennande vatn etterpå.
Kjelde: Barbro Storlien