nyhende

Sveiofestivalen nærmar seg, og arrangørane André Bjørgen Birkeland (t.v.) og Sten Magne Birkeland (t.h.) er i full gang med førebuingane til det som blir sommarens store happening i Sveio. Her saman med ordførar André Mundal Haukås under fjorårets festival.

Sveiofestivalen dobblar: To dagar, ny layout og fleire band

Sveiofestivalen utvidar i år med to festivaldagar, ny rigg på området og fleire artistar. Me har prata med ein av arrangørane, André Bjørgen Birkeland, om planane og førebuingane.

Publisert Sist oppdatert

Han oppsummerer fjoråret kort:

– Kjempebra. Godt publikum, gode artistar, og så fekk me litt hjelp av vêret.

I år blir festivalen arrangert fredag 12. juni og laurdag 13. juni, og arrangørane håper på sol og god stemning når dørene opnar på ettermiddagen, før kvelden held fram utover med dans og livemusikk frå scena.

Scena flyttast

Den mest synlege endringa for publikum blir justeringar på festivalområdet.

– Der ein gjekk inn i fjor, kjem scena til å stå i år. Og der scena stod i fjor, legg me opp til ulike boder med servering av mat og drikke, seier Birkeland.

Detaljane rundt mattilbodet er ikkje heilt landa enno, men Birkeland lovar at publikum skal få ei skikkeleg god matoppleving.

Han fortel at målet er betre flyt på området, og ei meir naturleg «amfi-kjensle» når publikum samlast framfor scena.

– For å få den best moglege opplevinga legg me scena på eit litt lågare plan, og får publikum høgare opp, seier han.

Desse spelar på Sveiofestivalen 2026:

  • Matti Rössland
  • Ingenting
  • FordRekord
  • Onsdagsbandet
  • Goodfoot
  • Vestaramp
  • Oefa
  • Knivblad

Artistar

Etter ein førsteutgåve med mykje lokalt på lineupen, opnar Sveiofestivalen i år for fleire tilreisande namn. Blant dei er duoen Knivblad frå Stavanger, rockebandet Ingenting frå Sandnes og Onsdagsbandet frå Mandal.

Samtidig held dei fast ved lokale innslag, og FordRekord, som blei ein publikumfavoritt i fjor, er tilbake.

Birkeland trekker også fram bandet Vestaramp (tidlegare Vestavind) som eit meir ekstremt døme på kortreist.

– Vokalisten i bandet er oppvaksen i eit av husa berre nokre meter bak festivalområdet. Det kallar eg kortreist, seier han.

Arrangøren meiner at det å ha ein festival å visa til, har gjort bookingarbeidet enklare.

– Me har vist bilete og videoar frå i fjor til managerane for å visa kva slags festival me er. Det blir ein miks av gode artistar me kontakta sjølve, og nokre som tok kontakt med oss.

Satsar på å dobla bilettsalet

Med større område og to festivaldagar blir det også fleire billettar å selja. I fjor selde arrangørane ut alle dei 650 billettane, og i år håpar dei å dobla talet på besøkande.

– Me trur det blir utselt i år også. Så her handlar det om at folk ikkje må vera treige. Eg fekk veldig mange meldingar frå folk som ikkje fekk billett, og som ønskte å kjøpa. Men når det er fullt, så er det fullt, seier Birkeland, og legg til at festivalen må følgja strenge reglar for kor mange som kan sleppast inn.

Det var fullt av liv og god stemning under festivalen i 2025. I år doblar arrangøren og håpar sveibuen kjenner si vitjingstid.

Med større pågang har arrangørane også sett inn ekstra tiltak for å unngå kø.

– Me unngjekk kø i fjor, og det jobbar me med å få til i år også. Difor kjem me til å utvida enkelte soner der det kan oppstå kø, forklarar Birkeland.

Treng fleire frivillige

Utvidinga gjer at festivalen treng fleire frivillige.

– Me er i dialog med dei som stilte opp i fjor, men me treng fleire. Mange har allereie teke kontakt, både enkeltpersonar og idrettslag. Det er ein vinn-vinn: Me får hjelp, og laga får litt pengar tilbake, seier Birkeland.

Også i år jobbar arrangørane med å få på plass eit transportopplegg, der publikum kan køyra med buss til festivalen frå ulike knutepunkt i distriktet.

– Det er ikkje heilt på plass enno, men me skal prøva å få det til, seier Birkeland

Vil bli ein fast start på sommaren

Bak festivalen ligg det mykje dugnadsarbeid, og for Birkeland-duoen har det vorte ein heilårshobby.

– Det er ein hobby. Me er registrerte som ein frivillig organisasjon, så me er ikkje drivne av pengar, men av å skapa noko kjekt saman for alle i regionen, seier Birkeland.

Til publikum har han ei klar oppmoding:

– Ta med deg solstolen. Set deg ned, besøk vener og kjenningar. Her vil du garantert finna nokon du kjenner.

Birkeland håpar festivalen kan bli ei fast markering av starten av sommaren.

– Me håper dette kan vera ein sommarstart for alle på Haugalandet og i Sunnhordland. Dette er ein fin måte å starta sommarferien på. Då er slåtten ferdig, så då kan bøndene vere med også, avsluttar han.

I saka under kan du sjå bileta frå fjorårets festival.

Powered by Labrador CMS