nyhende

Sjå bileta frå festivalen som fekk bygda til å danse:

Ordføraren ser for seg ein ny festivaltradisjon i Sveio, medan gutane bak festivalen tenkjer endå større – og planlegg å dobla til neste år. Frå venstre: André Bjørgen Birkeland, André Mundal Haukås og Sten Magne Birkeland. Foto: Morten Vågset Møller
Ordføraren ser for seg ein ny festivaltradisjon i Sveio, medan gutane bak festivalen tenkjer endå større – og planlegg å dobla til neste år. Frå venstre: André Bjørgen Birkeland, André Mundal Haukås og Sten Magne Birkeland.

Folkeliv og fest i Sveio

Sjølv med utselde billettar, sommarvarme og topp stemning frå første tone, overgjekk Sveio festivalen alle forventningar. No siktar arrangørane mot ein endå større festival neste år.

Publisert Sist oppdatert

– Fantastisk. Det har vore vanvittig bra, sa arrangør André Bjørgen Birkeland medan festivalen var i full gang laurdag.

Saman med onkelen Sten Magne Birkeland har han brukt eit heilt år på å planleggje festivalen, og begge kunne puste letta ut etter at alt gjekk etter planen.

– Vi senkar skuldrene når alt er stengt for kvelden, sa Sten Magne Birkeland.

Ifølgje arrangørane var rundt 250 publikummarar på plass alt tidleg på ettermiddagen, før folk for alvor byrja å strøyme til utover kvelden. Med 650 selde billettar vart festivalområdet etter kvart fylt opp – akkurat slik dei to arrangørane hadde sett for seg.

– Eg har fått mange meldingar frå kjentfolk som gratulerte og minna oss på å kose oss. Det er målet, sa André Birkeland undervegs.

Responsen frå publikum har vore utelukkande positiv, og duoen er allereie fast bestemte på at det blir ny festival i 2026.

– Då doblar vi, seier Sten Magne og smiler.

– Vi har blitt litt meir erfarne no. Gått frå amatørar til semi-proffe, la Sten Magne til med eit smil.

Ordføraren håpar på tradisjon

Blant dei frammøtte var ordførar André Mundal Haukås. Han lot seg begeistre av det som føregjekk på heimebane.

– Dette er utruleg flott. Det er kjempegøy at nokon satsar på festival i Sveio, sa han.

Haukås rosa særleg det lokale engasjementet rundt arrangementet.

– Det er lokale artistar, lokale mat- og drikkeleverandørar, og mange lokale samarbeidspartnarar som har gjort dette mogleg. Det synest eg er veldig kjekt.

At billettane vart utselde tidleg og at det var rift om dei i forkant, lover godt for vidare satsing, meiner ordføraren.

– Eg håpar dette blir ein tradisjon, og at dei kan utvide slik at endå fleire får kome til Sveio på festival neste år, seier han.

Då vi spurde kva ordføraren såg mest fram til, kom svaret raskt:

– Eg gler meg veldig til Ford-Rekord, dei er knallbra. Det er ein kjempebra lineup dei har her i dag. Og så er det ein fantastisk nydeleg dag. Solkommunen Sveio leverer igjen – då blir det god stemning, sa ordføraren med eit smil.

Sjå bildeserie frå festivalen:

Muddy Young var tredje band ut under årets festivalprogram.

Sveio festivalen 2025.
Powered by Labrador CMS