nyhende

Lupinar er vakre, men ein uønskt art langs vegkantane våre.

Vegeigarane må ta ansvar for livet i vegkanten

Våren er kommen og både blomar og insekt tittar fram. Vegkantane våre er svært viktige levestadar for mange artar – og difor må vegeigarane ta ansvar.

Publisert

– Etter kvart som jordbruket har blitt meir og meir industrialisert og gjødselbruken har auka har også vegkantane blitt viktigare for insekt og blomar, fortel Nibio-forskar Wendy Fjellstad til Nynorsk pressekontor.

Mange artar trivst best i såkalla semi-naturlege enger – det er enger som ikkje blir pløgde, men haldne i hevd av beiting og slått. I landbruket ser vi mindre og mindre semi-naturleg eng, men langs vegkantane har vi dei framleis.

– 685 artar blir påverka negativt av redusert beite og slått, mange av dei artane finn ein att i vegkanten òg, seier Fjellstad.

Individuell tilpassing

Det generelle rådet til vegeigarar er å slå graset langs vegkantane to gonger per sesong. Ein gong tidleg på forsommaren og ein gong seint på sommaren, men det finst ikkje eigentleg nokon fasit.

Vegkanten er levestad for mange ulike artar. Her ser vi ein sitronsommarfugl som får seg litt næring.

– Det finst ikkje berre ein metode som funkar overalt. Men det beste generelt er ein sein slått, slik at engene rekk å bløme. Noko av problemet i vegkantane er at det er mange uønskte framandartar, så må ein slå tidleg for å fjerne dei. Om ein har vegkantar utan framande artar bør ein ikkje slå tidleg – då kan urtene heller få blomstre og gi mat til insekt, fortel Nibio-forskar Fjellstad

Difor er det òg viktig å skaffe oversikt over kva artar ein finn på ulike stadar. Det er i all hovudsak vegeigar som har ansvaret for å skjøtte vegkantane på ein slik måte at ein både varetek trafikktryggleik og biologisk mangfald.

– Mange kommunar og fylke har gjort slike kartleggingar. Som vegeigar kan du ta kontakt med kommunen for å få oversikt over livet langs vegane du har ansvar for, seier Fjellstad

Tek oppgåva på alvor

Statens vegvesen har det overordna ansvaret for riksvegane i Noreg. Dei utgjer omtrent 10.500 kilometer med veg og vegkant. Vegvesenet fortel at berekraftig skjøtsel av vegkanten er ein jobb dei tek på alvor.

– Statens vegvesen legg føringar for vegkantskjøtsel gjennom kontraktane våre med driftsentreprenørane, og følgjer dette opp gjennom dialog og møte, fortel vegetasjonsforvaltar Hanne Mørch i Statens vegvesen.

Vegvesenet klipper vegetasjon langs vegkantane to gonger kvar sommar, i juni og august.

På generelt grunnlag slår driftsentreprenørane deira langs vegane to gonger i året. Men dei gjer tilpassingar der det trengst.

– I område med sårbart eller spesielt verdifullt biologisk mangfald gjer Statens vegvesen tilpassingar utover standard skjøtsel. Dette kan til dømes vere seinare slått eller redusert frekvens, av omsyn til artar og naturverdiar. Nokre sideområde blir klipte berre kvart tredje til femte år for å hindre attgroing, fortel Mørch.

Store endringar

Wendy Fjellstad i Nibio har sjølv vore med å studere korleis livet i vegkanten har endra seg over tid. Dei studerte livet langs 150 vegar på Sør-Austlandet 2001/2002 og igjen i 2019/2020.

– Vi fann at artsrikdommen hadde gått ned over desse 18 åra, frå i snitt 53,4 til 45,9 arter per vegkant. Mange av artane som gjekk tilbake er viktige for pollinatorar, og ein stor del er typiske engartar som forsvinn ved attgroing, seier Fjellstad.

Forskarane fann òg at det hadde komme til mange framandartar på dei 18 åra.

– På 1980-talet planta faktisk Vegvesenet lupinar langs vegane. Det er i dag ein uønskt art, og det blir lagt ned mykje arbeid for å bli kvitt han. Han fortrengjer mange andre artar, seier Fjellstad.

Vegkantane er heim for mange artar. Mellom andre løvetann.

Næringsfattige vegkantar har ofte høgst artsmangfald og har best nytte av sein slått og lite inngrep, medan meir næringsrike vegkantar kan trenge hyppigare og meir målretta slått for å hindre at nokre få, konkurransesterke artar tar over.

– Når ein fjernar det som blir klipt, i staden for å la det liggje igjen, blir jorda gradvis meir næringsfattig – noko som gir betre vilkår for fleire artar. Å skape variasjon i skjøtselen langs vegnettet er også viktig for det samla biologiske mangfaldet, avsluttar forskar Wendy Fjellstad.

Powered by Labrador CMS