nyhende
Konkurs stoppar fjernlån: – Me blir sett litt på vent
Tysdag i førre veke kom beskjeden om at Norsk Bibliotektransport AS (NBT) er gått konkurs. Det får følgjer for bibliotek over heile landet – også for folkebiblioteket i Sveio.
NBT har stått for frakt av bøker mellom bibliotek gjennom fjernlånsordninga. No som selskapet er konkurs, er òg moglegheita til å fjernlåna bøker mellombels borte.
– Det har vore eit så flott tilbod, og det har blitt ein integrert del av lånevanane til sveibuane, fortel bibliotekar ved Sveio folkebibliotek, Anitha Ramsdal.
Tysdag i førre veke kom NBT for siste gong til biblioteket i Sveio for å henta bøker.
– Me blir sett litt på vent, og det er trist både for oss og for sveibuane som har brukt ordninga, seier Ramsdal, som omtalar situasjonen som ein unntakstilstand.
Dette betyr det for lånarane
Då Vestavind var innom biblioteket fredag i førre veke, viste oversikta at 44 bøker var utlånt gjennom fjernlånsordninga. Desse skal leverast tilbake i Sveio, medan bøker som er lånt fysisk ved andre bibliotek, må leverast tilbake der dei blei lånt.
Ramsdal fortel at fjernlånstilbodet ofte blir brukt til faglitteratur, og biblioteket oppmodar difor studentar til å låna pensumbøker ved studiestaden sin.
Når ei ny transportordning vil vera på plass, er førebels uvisst. Biblioteket håpar likevel at det snart kjem ei løysing, og vil halda lånarane oppdaterte om situasjonen.
Samtidig oppmodar Ramsdal leseglade sveibuar til å ta turen innom biblioteket. Der finst det rundt 20.000 bøker i den lokale samlinga i Sveio.