nyhende

Johannes S. Førde.

Skal feira med å gifta seg

Johannes S. Førde er første 40-åring ut i 40-årsfeiringa av både Vestavind og sveibuar.

– Kva barne- og ungdomsskule gjekk du på?
– Gjekk på Førde barne- og ungdomsskule.

Vekas 40-åring

Namn: Johannes S. Førde

Fødd: 03.01.1986

Bustad: Bergen

– Korleis har du feira, eller skal feira, 40-årsdagen?
– Skal feira med å gifta meg med min forlovede til sommaren i Førde.

– Kva gjer du no? 
– Arbeider som universitetslektor ved Universitetet i Bergen ved institutt for politikk og forvaltning.

– Er det sveibuar du vil framsnakka, og kvifor?
– Litt usikker på kva de er på jakt etter her, men dei aller fleste sveibuar (og kanskje spesielt førdesbuar) er likande folk som er verdt å framsnakka. Jordnære realistar, men med ein positiv haldning til framtida. Ikkje redde for å ta i eit tak verken for seg sjølv eller andre. Eg trur dette er verdiar og eigenskapar ein finn igjen både i personar som bur i kommunen i dag, eller som har røtene sine der.

Slik blir du med på feiringa, sjekk saka under:

Powered by Labrador CMS