nyhende

Fleire spelarar frå Sveio har fått sentrale roller i norsk toppfotball: Emilie Guddal i Haugesund, Thomas Kinn i Hødd og Tobias Guddal i Tromsø. Les korleis det har gått med sveibuane i dei første kampane i årets sesong.

Tre sveibuar i toppfotballen: Dette er status etter sesongstarten

Frå Tromsø i nord via Ulsteinvik til Haugesund på Vestlandet: Tobias Guddal, Emilie Guddal og Thomas Kinn er alle i gang med ein ny sesong i norsk toppfotball. Slik har opninga vore for dei tre sveibuane.

Publisert

Blant dei tre sveibuane som spelar på toppnivå i norsk fotball, er det lite tvil om kven som har fått den beste starten på sesongen. I vinter avslo Tromsø, ifølgje avisa Nordlys, eit bod på 45 millionar kroner frå Wolverhampton på Tobias Guddal. Sveibuen blei verande i klubben, og har sidan vore sentral i Tromsøs sterke sesongopning.

Tromsø blei av TV 2-ekspertane tippa til ein sterk tredjeplass før sesongen, men har så langt innfridd endå betre enn venta. Etter seks kampar står tromsøværingane med fem sigrar og éin uavgjort mot Lillestrøm, og toppar tabellen med ei luke på tre poeng ned til nettopp Lillestrøm, som har spelt éi kamp mindre. Midtstopparen Tobias Guddal har vore ein viktig del av eit Tromsø-forsvar som berre har sleppt inn eitt mål denne sesongen, best i Eliteserien.

Første sesong på toppnivå

For lillesøster Emilie Guddal har sesongen så langt bjudd på både landslagsoppdrag og spel for Haugesund kvinner. Klubben spelar i år sin aller første sesong i Toppserien, og TV 2-ekspertane spådde laget ei tøff tilvære med ein nest sisteplass og direkte nedrykk. Starten har likevel vore betre enn venta, og etter tre serierundar står laget med éin siger, éin uavgjort og eitt tap. Det held til ein førebels sjetteplass.

For Emilie har overgangen til Toppserien ført til tøffare konkurranse om speletid. I fjor var ho fast i startellevaren, medan ho denne sesongen har starta dei tre første kampane på benken. Ho har likevel fått sleppa til som innbytar i to av oppgjera, med rundt 30 minutt speletid i kvar kamp.

Emilie har òg fått viktige kampar for J19-landslaget. Tidlegare i april kjempa ho og resten av dei norske jentene om ein plass i sommarens J19-EM. Noreg enda til slutt på tredjeplass i kvalifiseringsgruppa med to sigrar og eitt tap på tre kampar. Dermed blei det ingen EM-plass for Noreg, medan Austerrike gjekk vidare som gruppevinnar på betre målforskjell.

Fast i Hødd-buret

For Hødd og sveibuen Thomas Kinn opna sesongen i Obos-ligaen på best mogleg måte med ein 2-1-siger heime mot Sandnes Ulf. Laget frå Ulsteinvik blei av TV 2-ekspertane spådd ein tøff sesong i årets tabelltips, med ein 14.-plass, som òg er kvalikplass for nedrykk.

Etter serieopninga blei det tap borte mot Moss, før Hødd òg tapte 0–2 heime mot Haugesund. Det betyr at laget no står med tre poeng etter tre spelte kampar og ligg på ein førebels 11. plass.

Kinn kom til Hødd før årets sesong, etter spel for Viking på vårparten og eit opphald i finske Oulu hausten 2025. Så langt har keeperen frå Sveio fått tillit frå start i alle kampane.

Powered by Labrador CMS