nyhende
Sprang sitt første o-løp
Mange av dei som samla seg til o-løp i Auklandshamn laurdag har vore med på det før. Men fleire deltok for første gong.
Rett under 200 deltaker i alle aldrar skulle ut i skogen, og mange var med som tilskodarar. Sjølv med overskya og temperatur ikkje varmare enn 10 grader, la dei i veg ut i løypene. Nokre som familiar i lag, og nokre aleine.
Viktig at alle får bli med
Sveio O-lag var arrangør i løp to i Vestlandspremieren i helga. Dei to andre løpa gjekk i Fitjar fredag og på Stord søndag. Alle løypene har inndelingar for alle aldrar, samt varierande vanskegrad slik at du alltid finn den som passer deg best.
– Det er standard at me har tilbod til alle aldersgrupper og alle ferdigheitnivå. Frå ungar så unge som 5 år til vaksne på minst 85 år i alle løypene. Det den store tingen med orienteringsidretten at den er for alle, seier Thomas Førde, leiar i Sveio O-lag.
Han fortel vidare med at det også handlar om å få fleire inn i sporten. Då må du ha eit enkelt løypetilbod som dei kan prøva seg på viss dei ikkje har noko erfaring frå før. Så får dei testa om det er noko for dei. I tillegg meiner Førde at dette kan vera ein bra familiesport.
– Du kjem deg ut i naturen, lærer deg både kart og kompass, og her kan heile familien delta og foreldra ikkje berre står og sjå på.
Nybegynnarar i skogen
Adela Katrin Velde (10) var av dei som prøvde orientering for første gong. Ho sprang med broren Sverre Eliah Velde (6) og foreldra. Dei tok nybegynnarløypa og syns ikkje det var særleg vanskeleg.
– Det vart veldig gøy å springa ute i skogen for å finna postar, sjølv om det vart litt gjørmete. Og med all løpinga blei eg også varm, sjølv med dei lave gradene, fortel Adela.
Orientering blir livet
Jemima Dalglish (14) frå Stavanger har ikkje drive med o-løp i meir enn to år, men på den tida har orientering blitt heile livet hennar. Og ho er berre ein av mange. Sjølv driv ho med det kvar helg, og trenar ofte i vekedagane for å bli betre.
– Det er ein hobby, men eg brukar heile livet mitt på hobbyen, seier Jemimia.
Ho begynte med dei enklare løypene. Det var mykje å læra, og ho gjorde ein del feil, men det har ikkje så veldig vanskeleg.