nyhende
Politiet ber om ytterlegare varetektsfengsling av dei sikta i Karmøy-drapa
Politiet har måndag bede om fire vekers varetektsfengsling til for dei to mennene i 30-åra som er sikta for drapa på Karmøy i mars.
Det opplyser politiadvokat Mona Byrkjedal til NRK.
Dei to mennene har vore varetektsfengsla sidan mars. Éin av mennene nektar straffskuld, medan den andre har erkjent dei faktiske forholda.
Politiet ønskjer ikkje å seia noko om kva beslag som er gjorde, av omsyn til etterforskinga.
– Me har innhenta overvakingsbilete frå området rundt Pilehagen og Kopervik sentrum. Kva dei viser, vil me av omsyn til etterforskinga ikkje gå i detalj på, seier Byrkjedal til kanalen.
Annonse
Det var 21. mars at 60 år gamle Jonny Myklebust og ei kvinne i 50-åra vart funnen døde i kvar si bueining i Pilehagen bukollektiv i Kopervik på Karmøy. Dei to mennene vart pågripne same dag.