nyhende

Er du sveibu fødd i 1986 og vil sjå like bra ut som vår daglege leiar og marknadsjef, Susanne Lie Vallestad? Då har me i Vestavind ei god nyheit til deg. I alle fall dersom det står fødd: 1986 i passet ditt.

Me kallar alle 86-­arar i og frå Sveio

Vestavind fyller 40 år, og det vil me markera saman med andre sveibuar i kommunen som også fyller 40 i år.

Publisert Sist oppdatert

Eit 40-årsjubileum må sjølvsagt feirast skikkeleg! Men me vil ikkje feira aleine. Difor inviterer me alle som bur i Sveio kommune, eller er utflytta sveibu, og er fødd i 1986 til å bli med i jubileumsmarkeringa vår. Som takk får du ein jubileumscaps frå Vestavind.

Eiga jubileumsspalte

For å vera med, treng du berre å senda inn svar på nokre enkle spørsmål og eit breiddebilde (liggande format) av deg sjølv.

Dei som blir med, blir presenterte i ei eiga jubileumsspalte i Vestavind. Om det blir vekas jubilant, månadens jubilant eller kvartalets jubilant, kjem an på kor mange som melder seg.

Me håper mange vil vera med og gjera dette til ei kjekk markering av både jubilantane og jubileumsåret.

Powered by Labrador CMS