nyhende

Sender du inn påskebilde, kan du vinna pass til Sveio Festivalen.

Send påske­bilde og vinn festival­pass!

Me vil gjerne ha lesarane sine påskebilde, og i år er det ei ekstra gulrot: to helgepass til Sveio Festivalen.

Publisert Sist oppdatert

Sveio Festivalen går i år av stabelen 12. og 13. juni. Alle som sender inn påskebilde er med i trekninga, og du kan senda bilde til og med 2. påskedag. Bilda legg me i album etter kvart som dei kjem.

Slik gjer du det:

  • Skriv kvar bildet er tatt og kva og kven som er på bildet. Og sjølvsagt kven som er fotograf.
  • Hugs alltid å spørja personar som er med på eit bildet om det er greit å senda det inn.
  • Skriv også inn telefonnummeret til fotografen og eventuelt e-post om bildet blir sendt frå ei annan e-postadresse enn fotografen si.
  • Send bildet eller bilda til tips@vestavind-sveio.no

Me i Vestavind ønsker alle god påske og håper me får inn mange bilde!

Powered by Labrador CMS