nyhende
13-15-åringar seks timar på skjerm kvar dag – YouTube, Snapchat og TikTok er mest brukt
Nordmenn er på skjerm i snitt 5 timar og 21 minutt kvar dag, og barn og unge bruker skjermen mest. Det bekymrar barneombodet og barne- og familieministeren.
Dei nye tala frå Mediebruksundersøkelsen, publisert i Norsk mediebarometer 2025 , viser at barn mellom 13 og 15 år har høgare skjermtid enn folk som er 35 år og eldre.
– Det høge snittet på skjermtid blant barn og unge kan ha samanheng med tida dei bruker i sosiale medium og på digitale spel. Samanlikna med 2024 er det ein auke i andelen barn mellom 9–15 år som bruker sosiale medium dagleg, seier Fam Vivian Bekkengen, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er likevel unge vaksne mellom 20 og 24 år som er dei mest aktive på skjerm. Dagleg skjermtid ligg på 7 timar og 19 minutt, medan unge mellom 16 og 19 år følgjer tett bak. Dei bruker skjerm i snitt 7 timar og 6 minutt dagleg.
Auka bruken
Frå 2024 til 2025 auka andelen 9-12-åringar som bruker sosiale medium dagleg, frå 39 til 54 prosent. Blant barn i alderen 13–15 år bruker heile 94 prosent sosiale medium i løpet av ein gjennomsnittsdag i 2025. Tidsbruk aukar også med alder.
– I snitt bruker barn mellom 9 og 12 år rett over 1 time i sosiale medium kvar dag, medan 13-15-åringane bruker i snitt 3 timar i løpet av dagen i sosiale medium, seier Bekkengen.
Det er først og fremst YouTube, Snapchat og TikTok som er populære sosiale medium blant dei yngste.
Det er også ein kraftig auke i bruk av digitale spel.
– 81 prosent av 9-12-åringane spelar digitale spel dagleg, noko som er ein auke på 12 prosentpoeng frå 2024. Det er også ein auke blant dei mellom 13 og 15 år frå 2024 til 2025, seier Bekkengen.
Vil ha aldersgrense
Barneombod Mina Gerhardsen likar ikkje utviklinga, som ho meiner tyder på at Helsedirektoratets skjermråd om å avgrense skjermbruken for barn, ikkje har nådd fram til foreldre og andre vaksne med ansvar.
– Førre undersøking viste ein nedgang blant dei yngste barna, men no ser vi ein auke igjen. Det er ei negativ utvikling, skriv ho i ein e-post til NTB.
Ho fryktar for konsekvensane av timevis med skjerm over tid for barn si helse.
– Det resulterer i mindre rørsle, meir stillesitjing og mindre tid til aktivitetar. Ved sida av negative sider ved kva barn kan oppleve på skjermen er tidsbruken i seg sjølv problematisk, fordi han går utover ting barn treng, som nok søvn, seier Gerhardsen.
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) er også bekymra over tala.
– Betre skjermbalanse er blant dei viktigaste prioritetane, og eg trur ei aldersgrense for sosiale medium, som får barn bort frå avhengnadsskapande algoritmar, vil vere eit viktig grep for å få ned skjermtida. Lovforslag om aldersgrense for bruk av sosiale medium vart nettopp sendt på EØS-høyring, og målet er å leggje fram ei lov for Stortinget innan året er omme, skriv ho i ein e-post til NTB.
Eldre vel enno tradisjonelt
Barn og unge ser lite lineær-TV og lyttar mindre til radio, men er aktive brukarar av videomedium og lydmedium på digitale plattformer.
Det er mykje lågare del eldre som bruker sosiale medium, videomedium og lydmedium.
– Personar som er 67 år og eldre er dei i befolkninga som bruker mest tid på å lese papiraviser, sjå lineær-TV og å lytte til radio. Vi ser at dei eldre held fast på dei tradisjonelle media, samtidig som dei stadig tek meir i bruk også dei digitale media, seier Bekkengen.