nyhende
Opnar ikkje E134 før 11. mars
E134 gjennom Etne blir ikkje opna igjen før tidlegast onsdag 11. mars. Statens vegvesen omtalar arbeidet i fjellsida ved Fjæra som svært omfattande etter det enorme steinraset søndag 1. mars.
Det stadfesta avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, overfor NRK Vestland tysdag.
— Det er eit veldig omfattande arbeid som me må gjera i fjellsida, sa Finden til NRK.
Dermed blir hovudfartsåra gjennom Etne kommune stengt i minst ei og ei halv veke etter raset som gjekk søndag 1. mars.