nyhende

Raset ved Fjæra sett får aust.

Stort steinras på E134 ved Fjæra

I føremiddag gjekk det eit stort steinras i Fjæra. Delar av E134 er knust, og vegen kjem til å vera stengt lenge.

Publisert Sist oppdatert

Er du på veg heim frå fjellet langs E134, eller skal austover, er Rv. 13 via Suldal og Sand sett opp som om køyringsveg. Fv. 520 Røldal - Breiborg til Sauda ville truleg vore kortaste veg, men her er det vinterstengt. Det er også mogeleg å køyra via Odda til Husnes og deretter over til Stord.

Klokka 10.44 fekk politiet melding om eit større steinras på E134 Haukelivegen like ved Fjæra. Vegen er sperra og personar som har vore i nærleiken har søkt tilflukt i ein tunnel like ved. Det er ikkje meldt om personskadar eller at nokon er tatt av raset. Bygningar i nærområdet er også truffe. Nødetatane er på veg til staden, opplyste operasjonsleiar Dag Steinkopf ved Sør-Vest politidistrikt.

Klokka 11.35 melde politiet at Vegtrafikksentralen har entreprenørar på veg for å ta seg av trafikkdirigering. Vegen vil bli stengt i lang tid framover, og omkøyring er via Rv. 13. For nærare informasjon om mogelege omkøyringar, sjå Vegtrafikksentralen sine nettsider.

Klokka 11.45 kom ei ny oppdatering: Eit redningshelikopter er sendt mot staden for å bistå ved behov. Geolog er varsla, og er også på veg til området for å gjere vurdering av situasjonen. Det er meldt om materielle skadar, men det er ikkje meldt at personar er skada. Det blir jobba med å få oversikt over personar i området og kva behov det er for å evakuera desse.

Klokka 12.16: Det går framdeles steinras på staden.

Hos vår samarbeidsavis Grannar kan du sjå video av raset:

Her går raset

Powered by Labrador CMS