nyhende
Andre saker frå kommunestyret
Barnehage, basseng, statueflytting og næringsutvikling var blant sakene kommunestyret handsama i møtet. Her er nokre av vedtaka som ikkje er omtala i eigne saker.
Kommunestyret vedtok å auka kostnadsramma for prosjektet med ny Sveio barnehage til 55 millionar kroner. Det er meir enn dei 44 millionane som blei vedtekne då saka sist var oppe i 2023, men lågare enn formannskapet sitt forslag på 66,2 millionar kroner.
Frp, Høgre, KrF og Sp la fram forslaget som fekk fleirtal. Bakgrunnen var at dei meinte hoppet opp til 66,2 millionar kroner blei for stort samanlikna med prisveksten i perioden.
Ja til flytting - nei til lyssetting
Kommunestyret sa ja til å bruka 90.000 kroner på å flytta Fartein Valen-statuen til Valenheimen. Dermed blei det ikkje fleirtal for formannskapet sitt forslag om 200.000 kroner til flytting, lyssetting og tilrettelegging.
Frp, Høgre, KrF og Sp fekk i staden gjennomslag for eit forslag om lågare løyving, som inneber at kommunen berre skal betala for flyttinga av statuen. Samstundes blei det lagt inn eit punkt om at ordføraren og administrasjonen skal arbeida for å finna ekstern finansiering til den delen av prosjektet som gjeld lyssetting og tilrettelegging.
Ekstra million til bassengrehabilitering
Kommunestyret vedtok samrøystes å gje 1 million kroner ekstra til rehabiliteringa av bassenget ved Sveio skule. Det gjer at prosjektet får ei totalramme på nær 3 millionar kroner. Arbeidet skal gjennomførast i løpet av skuleferien i 2026, med mål om å stå ferdig til skulestart.
Ber rådmannen følgja opp innspela frå næringslivet
Med utgangspunkt i ein næringslivsrapport med innspel frå bedrifter i Sveio, skulle politikarane ta stilling til korleis kommunen kan bli betre på omdømme og næringsutvikling. Rapporten viser mellom anna at fleire i næringslivet etterlyser betre dialog med kommunen, meir synlege tenester og betre tilrettelegging av næringsareal, særleg langs E39 og fylkesveg 47.
I saka la Linn Therese Erve fram fleire konkrete framlegg på vegner av Arbeidarpartiet. Partiet ville mellom anna at kommunen skulle vurdera ei 100 prosent prosjektstilling, oppretta eit næringsfond, etablera eit kommunalt utviklingsselskap og melda seg inn i Invest in Sunnhordland. Dette fekk ikkje fleirtal og fall med 21 mot 4 stemmer.
I staden vedtok kommunestyret at rådmannen skal følgja opp innspela frå næringslivet i rapporten og jobba vidare med utviklinga av nye næringsareal. Kommunestyret sa også nei til å melda Sveio inn i Invest in Sunnhordland.