nyhende
– Eg likar å gå mykje i fjellet
Karl E. Thuseth er denne vekas «Hei, sveibu».
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg gjer ikkje så mykje til dagleg, fordi eg er pensjonist.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Det beste er at ein kan ha eit hus å bu i og eit roleg liv.
Annonse
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Nei, eg saknar eigentleg ingenting. Eg synest alt er bra her.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Eg har ikkje eitt spesielt minne, men eg likar veldig godt å gå mykje i fjella i Sveio.
Annonse
— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
— Det må nok bli kona mi. Ho er viktig for meg.