nyhende

Politiet tok turen til både Valevåg og Haukås i helga. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll mellom Grinde og Fjon, der ein bilførar blei målt til 120 i 80-sona.

Fekk førarkortet beslaglagt

Ein førar i 20-åra fekk torsdag kveld førarkortet beslaglagt etter å ha blitt målt til høg fart langs E39 på veg inn i Sveio.

Publisert

Føraren vart stoppa etter at Utrykkingspolitiet gjennomførte ei gjennomsnittsmåling på strekninga frå Grinde i Aksdal til rett over fylkesgrensa i Sveio. Bilen vart målt til ein gjennomsnittsfart på 120 kilometer i timen i 80-sona.

Føraren vart stansa ved Fjon i Sveio klokka 23.56 torsdag 16. april. Der vart førarkortet beslaglagt, og politiet opprettar sak, melder vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Nina Fagerland.

Powered by Labrador CMS