nyhende
Opnar for kolonnekøyring fredag ettermiddag
Frå fredag etter middag blir det endeleg mogeleg å køyra E134 forbi Fjæra igjen. Vegen har vore stengt sidan den store steinraset som gjekk søndag 1. mars.
Store skadar på vegen i tillegg til omfattande og utfordrande opprydding og sikring i rasområdet, har gjort at det har gått nesten tre veker før det no bli opna for kolonnekøyring frå klokka 15.00 fredag.
Slik blir kolonnekøyringa:
- For køyretøy opp til 3,5 tonn, blir det kontinuerleg kolonnekøyring i ei retning om gongen, via kommunal veg.
- For køyretøy over 3,5 tonn blir det kolonnekøyring på E134 annankvar time i arbeidstida 07.00-19.00, i ei retning om gongen.
- Frå klokka 19.00-07.00 blir det kontinuerleg kolonne på E134.
– Reparasjon og sikringsarbeid er framleis krevjande, og me jobbar så raskt me kan i 12 timars skift kvar dag, klokka 07.00-19.00. Det er store skadar på vegen, og me kan ikkje gå på akkord med sikkerheita, seier seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen i ei pressemelding.