nyhende
Ni personar involverte i ulykke på Haukås
Klokka 10.41 fekk politiet melding om at to bilar hadde kollidert på E39 ved Tveitatjørna på Haukås.
Den ein bilen hadde køyrt inn i den andre bakfrå.
– Det var ni personar involverte. Alle var oppegåande og ute av bilane, opplyste operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt.
Ulykka førte til utfordringar i trafikken. Det vart raskt kø i området, og det pågjekk manuell dirigering til dei skadde bilane var fjerna. 11.20 melde politet at bilane var fjerna frå vegbanen og begge felt på E39 opna.
Klokka 12.07 kom siste oppdatering i politiloggen
– Helsepersonell har sjekka ut dei involverte i ulykka, og det er ikke behov for vidare oppfølging. Politiet er ferdig på staden og oppretter sak på forholdet, opplyste Steinkopf.
Dei skadde bilane var fjerna frå E39 ein liten time etter ulykka. Foto Jostein Viestad / Press Photography