nyhende

Føredragshaldaren Jan Spurkeland kjem til Sveio måndag for å snakka om korleis frivillig­skapen i idretten kan styrkjast.

Vil setja frivilligheita på dagsorden

Måndag inviterar Sveio idrettsråd til seminar med Jan Spurkeland om korleis friviljugskapsarbeidet i idretten kan styrkjast.

Publisert
Styreleiar i Sveio idrettsråd, Lars Einar Hollund, håpar mange finn vegen til Vigdartun førstkomande måndag.

Bakgrunnen er ei utfordring mange idrettslag kjenner på: Det blir stadig vansklegare å få folk til å stilla opp.

– Han er ein av Noregs fremste føredragshaldarar innan relasjonsbygging, og det å få folk til å engasjera seg i frivilligheita, seier styreleiar i Sveio idrettsråd, Lars Einar Hollund.

Ifølgje Hollund er dette eit tema som treff breitt i idretten.

– Det står ikkje på viljen, men me ser at det er store problem i idretten med å få folk til å engasjera seg som frivillige, seier han.

Han meiner klubbane må tenkja annleis dersom dei skal lukkast med å få fleire med.

– Det er lite midlar å tilby i idretten. Då må me bli flinke til å skapa engasjement på andre måtar, seier Hollund.

Set søkelys på relasjonar

Jan Spurkeland er forfattar, kulturarbeidar og erfaren kurshaldar, og har i mange år arbeidd med relasjonar og leiing. Han har mellom anna halde føredrag for Norges Fotballforbund.

Han seier sjølv at føredraget først og fremst skal handla om korleis gode relasjonar kan vera med på å byggja eit sterkare frivillig miljø i idretten.

– Det kjem til å handla mykje om kor viktig kompetanse på relasjonsbygging er for å byggja opp frivilligheita i idretten, seier Spurkeland.

Han vil òg løfta fram tydinga idretten har for barn og unge.

– Idretten spelar ei viktig rolle i å utvikla ulike talent hos unge. Gjerne talent som skulen ikkje alltid kan tilfredsstilla, seier han.

Seminaret er retta mot leiarar, tilsette og frivillige i idretten. Det blir halde i auditoriet på Vigdartun måndag 20. april, og det er gratis å delta.

Powered by Labrador CMS