nyhende

Sveio faller på listen under den årlige kommune-NM rangeringen i regi av NHO. Arkivfoto: Ellen Marie Hagevik
Måndag skulle kommunestyret ta stilling til dei økonomiske rammane for det planlagde helsesenteret. Det var semje om prosjektet, men usemje om kor stor ramma skulle vera.

Mindre pengar til helsesenteret

Kommunestyret handsama måndag dei økonomiske rammene for det planlagde helsesenteret i Sveio sentrum. Eit fleirtal gjekk inn for å kutta over 17 millionar kroner frå den opphavlege ramma.

Publisert
Rune Teikari er gruppeleiar for Framstegspartiet.

Då saka tidlegare var oppe i formannskapet, låg det ei einstemmig innstilling på 111,5 millionar kroner. I kommunestyret la Rune Teikari (FrP) fram eit alternativt framlegg på vegner av FrP, Høgre, KrF, Sp og TvF.

Framlegget gjekk ut på å ta vekk postane for forventa tillegg og usikkerheit. I tillegg ville partia bak framlegget fjerna parkeringskjellaren, som låg inne under byggekostnadane.

Til saman utgjorde dette eit kutt på 17.110.588 kroner. Den nye økonomiske ramma vart dermed sett til 94.389.412 kroner.

Teikari skildra det opphavlege framlegget som offensivt. Han viste til at partia bak framlegget hadde sett etter moglege innsparings­tiltak gjennom det han omtalte som marginale justeringar.

– Det er viktig at me får dei beste prisane som marknaden kan tilby oss i ei slik sak, og derfor har me teke ut tre konkrete punkt, sa Teikari.

Han viste til at investeringane i helsesenteret må sjåast i samanheng med andre utgifter kommunen òg står overfor.

Åtvara mot forseinkingar

Linn Therese Erve (Ap) åtvara mot å redusera rammene. Ho meinte det ville auka risikoen for forseinkingar, og i verste fall føra til at kostnadene aukar.

Linn Therese Erve (Ap) åtvarar frå talarstolen mot å kutta kostnadsramma for helsesenteret, av frykt for forseinkingar og dyrare løysingar.

– Eg ønskjer, og Arbeidarpartiet ønskjer, at me skal få til ting. Då må me, ver så snille, vedta dette og forhalda oss til den anbefalinga me får fagleg sett frå administrasjonen om kostnadsrammer, oppfordra ho.

Rådmannen forklarte frå talarstolen at eventuelle forseinkingar kan oppstå dersom anboda som kjem inn, overstig det vedtekne budsjettet. I så fall må saka tilbake til politisk behandling.

Det same kan òg skje dersom kostnadene undervegs i prosessen går ut over den sette ramma. Samstundes understreka rådmannen at det er vanskeleg å seia på førehand om dette vil skje.

Vedtok lågare ramme

Framlegget frå Teikari vart vedteke med 18 mot 7 røyster i kommunestyret. Ap, MDG og SV hamna i mindretal. Resultatet er at prosjektet no har ei økonomisk ramme på 94.389.412 kroner.

Powered by Labrador CMS