nyhende
Golfeliten kjem til Sveio: – Dette har vore eit mål for oss lenge
Komande helg samlast fleire av landets beste golfspelarar på Sveio golfpark. For første gong skal anlegget vera vertskap for Garmin Norgescup for seniorar.
– Dette har vore eit mål for oss lenge, seier dagleg leiar ved Sveio golfpark, Gavin Hinds, om å få turneringa til bygda.
Allereie fredag gjer han og resten av laget rundt golfparken seg klare til å ta imot rundt 160 påmelde spelarar frå nasjonalt toppnivå.
– Me har arrangert turneringar for elitejuniorar før, men no får me seniorane hit. Det blir ei stor glede både for meg og for oss, seier Hinds.
Det er Norges Golfforbund som står bak tildelinga av turneringa, og Hinds legg ikkje skjul på at det betyr mykje for golfparken.
– Det einaste som er større enn dette i norsk golf, er NM. Det blir mykje dekning frå golfmiljøet, så dette er stort i norsk golfsamanheng, seier han.
– Me meiner jo at me har ei av dei finaste golfbanane i landet, legg han til.
Håpar folk tek turen
– Korleis er golf som tilskodarsport då?
– Det er vanskeleg for meg å svara på, for eg er golfspelar, så eg elskar å sjå på golf, seier han med eit smil.
Samtidig meiner han at anlegget i Sveio er godt tilrettelagt for dei som vil sjå proffane på nært hald.
– Her i Sveio har me turområde som går rundt, og me har eit veldig stort areal. Moglegheita til å koma og sjå desse spelarane er god, seier Hinds.
Ventar stor pågang
Det blir stor aktivitet på anlegget allereie før turneringa startar. Fredag er 220 spelarar registrerte på banen, både turneringsspelarar til innspel og kvalifisering, i tillegg til gjestespelarar.
– Det kan nok hende nokre hobbyspelarar får litt nerver når dei går ein runde med dei beste, seier Hinds.
Blant dei som skal i aksjon når turneringa startar, er lokale Bård Skogen.
– Det er litt ekstra gledeleg at Bård blir med. Eg har forventningar om at han skal vinna, og eg trur han har det sjølv også. Men ein veit aldri, seier Hinds.
Med spelarar, familiar og andre tilskodarar på plass, trur han det blir folksamt rundt golfparken.
– Utfordringa for folk flest blir parkering. Det blir fullt hus her, seier han.
Samtidig har Hinds eit råd til dei som har tenkt å bruka området som turområde.
– For dei som ønskjer å gå tur, held det å halda seg på turstigane som vanleg. Ein må berre passa på at folk spelar golf. Då kjem dette til å gå veldig bra, seier han.