nyhende

Raset ved Fjæra sett frå vest.

Evakueringa i Fjæra oppheva

Bebuarane som vart evakuerte etter steinraset over E134 ved Fjæra i Etne kommune 1. mars, fekk måndag 9. mars flytta heim att.

Publisert Sist oppdatert

– Det har i dag vore møte med geologar frå både Statens vegvesen og Noregs vassdrags- og energidirektorat, som nå har vurdert det som trygt å flytta tilbake igjen. Difor vert evakueringa oppheva frå klokka 14.30 i dag, seier Thomas Wahl, politistasjonssjef ved Etne og Vindafjord politistasjon i ei pressemelding.

Alle dei råka i området vart informerte i går føremiddag, og fekk flytta heim igjen same dag.

Samstundes blir den tidlegare varsla opninga av vegen onsdag denne veka forseinka.

– Det er meldt om kraftig nedbør dei neste dagane, og det betyr auka skredfare. På grunn av risikoen må oppryddingsarbeidet truleg stanse heilt torsdag og fredag. Sikkerheita for mannskapa må kome først, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

– Me ønskjer å opne vegen så snart som råd, og voner at det kan skje i byrjinga av neste veke, legg han til.

Powered by Labrador CMS