nyhende

Bygda Austnes ligg sør på Haramsøya. Dei åtte vindturbinane ligg fordelt på den nordlege delen av fjellet.

Bygda etter vindturbinane kom

Fleire norske kommunar har planar om utbygging av vindkraft. Samtidig er motstanden framleis stor. På Haramsøya er erfaringane vonde og ferske.

Publisert

Det høgste punktet på Haramsøya er 350 meter over havet. På fjellet står åtte vindturbinar som er 150 meter høge. Dei blei sett opp i 2021 – etter motstand frå lokalsamfunnet. Fem år seinare er det venner og slekt på Haramsøya og naboøyane som ikkje snakkar med kvarandre.

– Eg trur dette er viktig å få fram, fordi det no er eit stort press på utbygging. Det blir ofte hoppa lett over kva dette faktisk inneber, og kor stor belastning det er for folk som bur i område der dette kan kome. Mange lever med dette hengande over seg i årevis, og det er tungt, seier Lisbeth Marie Austnes, som er leiar i Nei til Vindkraftverk på Haramsøya.

Miljøet i bygda ha endra seg

Saman med Oddny Haram Halkjelsvik, Randi Kjærstad Hagerup og Anne Grete Johnsen fortel ho om ei bygd der såra frå konflikten framleis er opne sjølv om turbinar og anleggsvegen for lengst er på plass. Miljøet i bygda har endra seg. Konflikten har sett djupe spor. Nokre har slutta å snakke saman, andre helsar ikkje, og alt usnakka ligg under og ulmar.

– For meg handlar det om at noko grunnleggjande trygt og godt har forsvunne med vindkraftutbygginga. Identiteten, kjensla av å vakne opp og berre vere glad for å bu akkurat her har fått seg ein knekk, seier Austnes.

Konflikten om vindkraft har ført til djupe splittingar i lokalsamfunnet på Haramsøya. Frå venstre: Anne Grete Johnsen, Randi Kjærstad Hagerup, Oddny Haram Halkjelsvik, Lisbeth Austnes.

Mange kjenner på fysiske og psykiske plager, fortel dei. Det blir rapportert om støy og infralyd, søvnproblem, uro og kroppslege reaksjonar. Nokre har slutta å gå på fjellet fordi vindkraftverket gjer for vondt å sjå på, andre går dit framleis, men kjenner sorg kvar gong turbinane kjem til syne.

Vil gjere vindkraft attraktivt

Vindkraft på land er eit omstridd tema i Noreg. Mellom 2015 og 2019 auka talet på vindkraftverk her i landet frå under 20 til over 60, men utbygginga har sidan nesten stoppa opp på grunn av lokal motstand.

I juli 2023 blei vindkraft på land ein del av plan- og bygningslova, som inneber at kommunane fekk vetorett til å seie nei til nye vindkraftanlegg. No må kommunen avklare om dei vil sette av areal til vindkraft gjennom ein overordna reguleringsplan, før Noregs vassdrag- og energidirektorat – som er sakshandsamar for vindkraftkonsesjonar – kan gi konsesjon.

For å unngå å få kraftunderskot har Energikommisjonen slått fast at Noreg må byggje ut 40 TWh ny kraft og i tillegg må samfunnet vårt spare inn 20 TWh. Regjeringa erkjenner at dei ikkje har råd til at fleire kommunar gjer nei-vedtak og understrekar viktigheita av lokal aksept og offentleg eigarskap for å realisere vindkraftprosjekt.

Vindturbinar ruvar på fjellet på Haramsøya, og er synlege frå store delar av øya. Her ser ein fem av dei frå naboøya Longva.

Regjeringa har innført ordningar for å gjere vindkraft meir attraktivt for vertskommunane. I 2023 fekk desse utbetalt 278 millionar kroner gjennom ei produksjonsavgift på 2 øre per kWh. Likevel seier fleire kommunar framleis nei til vindkraftutbygging.

Konsulentselskapet DNV åtvarar i ein rapport frå i fjor om at kraftetterspurnaden veks raskare enn ny produksjon her i landet. Datasenter åleine kan stå for sju prosent av straumforbruket i 2040. DNV meiner vindkraft er den einaste teknologien som kan byggjast raskt nok og billeg nok til å sikre framtidig kraftoverskot.

25 kommunar har avslått vindkraftplanar dei siste to åra. Fleire av dei har frå før gjort prinsipielle vedtak mot vidare utbygging.

Skeiv maktbalanse

På Haramsøya blei det snakka om vindkraft tidleg på 1990-talet, men i mykje mindre skala enn det som til slutt blei bygd. Nokre målingar utover 2000-talet målte så mykje vind at utbygginga òg blei lagt vekk ei tid og saka låg stille. Fleire trudde ho var lagt heilt vekk.

2019 blei eit vendepunkt. Då kom prosjektet for fullt tilbake med langt større turbinar og med konsesjonar og fristar som la press på å få bygd ut raskt.

– Det kom ganske brått på for mange. Ein hadde høyrd at dei skulle bruke vegar som allereie var der, men det viste seg ikkje å stemme. Det blei sprengt og bygd mykje nytt, og vi opplevde at utbyggjar tok lite ansvar for konsekvensane, til dømes for vasskjelder og natur som blei øydelagd, seier Haram Halkjelsvik.

Dei beskriv politiske prosessar som lite opne og prega av mistillit. Det skapte ei kjensle av at avgjerdene allereie var tekne. Dei opplevde maktbalansen som skeiv, og at tilliten til både politikarar, system og politi har fått seg ein knekk.

– Vi sat der som privatpersonar, medan utbyggjarane hadde advokatar og store ressursar. Vi prøvde å lese gjennom digre dokument, men hadde knapt føresetnader for å forstå alt. Vi meldte inn avvik og brot, men opplevde at det ikkje fekk konsekvensar, seier Randi Kjærstad Hagerup.

Kampen var verdt det

I takt med at det kjem rapportar om større kraftbehov i Noreg, tek argumenta om meir vindkraft på land seg opp igjen. I fleire kommunar ligg det planar eller konsesjonsbehandlingar hos NVE.

– Alt bråket og aksjonane her er eigentleg symptom på dårleg politisk styring og svakt systemansvar, seier Lisbeth Austnes leiar i Nei til Vindkraftverk på Haramsøya.

Når dei fire rundt bordet på Haramsøya skal samanfatta råd til andre stader som opplever at vindkraftplanar kjem, er dei einige om to hovudpunkt.

– Engasjer deg, og organiser deg.

– Ta kontakt med politikarane. Sjølv om tilliten ikkje er stor, er eg imponert over kor lett det er å nå mange av dei. Det var berre å ringje og be om ein prat for å forklare vårt syn, seier Austnes.

Dei understrekar også kor viktig det er å vere tidleg ute – både med å skaffe informasjon og med å måle konsekvensar.

Sjølv om dei ofte har kjent på håpløyse, meiner dei kampen har hatt effekt.

– Når vi no sit her og snakkar, kjenner eg at mykje kjem opp att. Du får nesten kjensla av at «eg kan ikkje gjere noko», at systemet er for stort. Samstundes veit vi at det vi har gjort, faktisk har fått konsekvensar. Lova er endra, regelverket for vindkraft er stramma inn, og det hadde ikkje skjedd utan at folk organiserte seg og markerte motstand, seier Kjærstad Hagerup.

Folkeskikk

Det store spørsmålet for mange lokalsamfunn er ikkje berre om det blir vindkraft eller ikkje, men kva som skjer mellom naboar, slekt og vener når konflikten først er i gang.

– Prisen i eit lite lokalsamfunn er høg. Ei slik sak toler eigentleg ikkje bygda. Ho skapar splitting, og vi er heilt avhengige av dugnadsfolka og fellesskapen i kvardagen, seier Austnes.

Nokre innbyggjarar seier dei har slutta å gå på fjellet fordi turbinar og anleggsvegar pregar landskapet.

Likevel har dei nokre konkrete råd til korleis små bygder kan forhindre splitting. Opne møte, nøytral leiing og enkel folkeskikk.

– Skal du prøve å dempe splittinga, må du ha mange opne møte tidleg i prosessen, før avgjerdene er tekne. Møte der lokalbefolkninga får lov å diskutere fordelar, ulemper og kva dette gjer med oss, seier Oddny Haram Halkjelsvik.

I kvardagen handlar mykje om å halde fast ved vanleg folkeskikk, også når ein veit at motparten er djupt ueinig.

– Prøv å halde på folkeskikken. Hels på kvarandre, ikkje steng dørene. Krev opne, nøytralt leia møte før vedtak blir gjorde, seier Kjærstad Hagerup.

– Eg seier alltid «hei» når eg møter folk her på øya. Uansett kva ståstad dei har om vindkraftverket, seier Anne Grete Johnsen.

Under det mest intense konfliktnivået var det annleis.

– Då helsa folk ikkje. Dei såg ned eller ein annan veg. No har det begynt å kome litt tilbake, men såra sit i, seier Johnsen.

Dei fire er også kritiske til korleis styresmaktene har handtert ansvaret for bygda.

Fem år etter utbygginga er relasjonar mellom naboar og slekt framleis prega av vindkraftkonflikten på Haramsøya. Frå venstre: Lisbeth Austnes, Oddny Haram Halkjelsvik, Anne Grete Johnsen og Randi Kjærstad Hagerup.

– Alt bråket og aksjonane her er eigentleg symptom på dårleg politisk styring og svakt systemansvar. Her burde styresmaktene sjølve ha ein plan for korleis dei vil ta vare på bygdene, seier Austnes.

Verdiar

Statssekretær Marte Haabeth Grindaker i Energidepartementet skriv i ein e-post at Noreg treng å byggje meir fornybar kraft i Noreg for å skape verdiar, utvikla lokalsamfunn og kutta utslepp.

– Og vindkraft er det som raskast kan bidra med vesentleg meir lønnsam fornybar kraft. Men det vi ser, er at kraftutbygging – særleg vindkraft – er krevjande. Det er fullt forståeleg at vindkraft skapar debatt lokalt, og i slike diskusjonar er det viktig at ein lokalt får brei tilgang på kunnskap.

Som følgje av det, har regjeringa etablert ein uavhengig kompetanseteneste for planlegging av vindkraftverk, som kommunane kan nytta kostnadsfritt.

– Målet er å gi kommunane betra verktøy, inntekter og fagleg støtte, og dermed leggje til rette for forståing, tryggare prosessar og eit sakleg debattklima lokalt, skriv Haabeth Grindaker.

I 2024 fekk vindkraftkommunane 332 millionar kroner i produksjonsavgift, i tillegg til eigedomsskatt.

– Det betyr at lokalsamfunna sit igjen med ein del av verdiskapinga. Vindkraftanlegg må byggjast med kommunane på laget, og derfor har også kommunane dei siste åra fått meir makt i behandlinga av vindkraftprosjekt på land, samtidig som dei også sit igjen med meir av verdiskapinga og inntekter.

Powered by Labrador CMS