nyhende

E134 Fjæra i Etne etter vellukka sprenging fredag.

Vellykka sprenging ved Fjæra fredag

I dag gjorde Statens vegvesen ei vellukka sprenging av steinblokker frå losneområdet over E134 i Fjæra. Sjå video nede i saka.

Publisert Sist oppdatert

– Me fekk ned den steinen me ønska, seier beredskapsrådgivar Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Staten vegvesen etter sprenginga som fann stad like etter klokka 11.30.

– Me er veldig nøgde med at fekk ned steinen i såpass små blokker at det ikkje vart større skadar på vegen, legg ho til.

Det er rett nokre usikre parti att, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

– Desse skal me freista få ned i dag, men det vert ikkje meir sprenging. Denne jobben vil verta gjort med spyling frå helikopter, presiserer Navarsete.

Etter dette vert det spyling av nedre del av ura, før jobben med å utbetra vegen tek til.

Planlagd opning er førebels sett til onsdag 11. mars. 

Sjå video av sprenginga under. Raset kjem etter om lag 30 sekundar.

Powered by Labrador CMS