nyhende
Ber om innspel til kunstplassering
Sveio kommune har fått tilbod om ei kunstgåve frå kunstnaren Odin Øistad. No ber kommunen innbyggjarane om hjelp til å finna ei høveleg plassering.
Kunstgåva omfattar tre fotomontasjar av Fartein Valen, i tillegg til hovudet frå den tidlegare minnestatuen av komponisten. Statuen stod utanfor Sveio rådhus fram til han vart teken ned etter skadeverk i 2017.
Før kommunen tek stilling til om gåva skal takast imot, ønskjer dei innspel frå innbyggjarar, lag og organisasjonar om kvar kunstverka kan plasserast.
Fotomontasjane er trykte på lerret og målar om lag 280 centimeter i høgda og 110 centimeter i breidda.
Fristen for å senda inn forslag er 14. april. Innspel kan sendast inn via kommunen sine nettsider.