nyhende
No skal han heim
Nesten ti år etter at statuen av komponisten Fartein Valen blei avduka på Sveiotorget, skal han reisast på nytt. Denne gongen får han plass lenger nord i kommunen.
15. april 2016 vart den 240 centimeter høge og 1.320 kilo tunge statuen sett opp nedanfor kommunehuset i Sveio. Skulpturen, laga av bildehoggaren Odin Øistad, vart hoggen i stein i Kina og reist som ei hyllest til Valen som ein av Noregs mest markante komponistar.
Historia på Sveiotorget vart kort
Rundt eitt år etter avdukinga vart statuen utsett for hærverk. Ein gjeng på tre unge menn kasta stein hovudet, som til slutt fall av. Skulpturen stod ei tid utan hovud, før han seinare vart tatt ned og sett på lager i Sveio, der han har stått sidan.
Ifølge tidlegare styreleiar i Fartein Valen-stiftinga, Gunnar Johan Løvik, var det lenge uklart om statuen i det heile kunne reddast.
– Resultatet var at heile skulpturen i utgangspunktet måtte erstattast. Ein heilt ny steinskulptur ville kosta mange millionar, seier han.
Forsikringsoppgjeret etter hærverket enda på rundt 350.000 kroner pluss noko erstatning frå dei unge mennene, men langt mindre enn det som var nødvendig for å laga ein heilt ny statue i stein.
Fann ei ny løysing
Til slutt kom det likevel på plass ei løysing. I staden for å forkasta resten av skulpturen, fann kunstnaren ein måte å restaurera han på.
– Han meinte at ein kan laga eit nytt hovud i eit anna materiale. Det skal vera nøyaktig make til det hovudet som blei øydelagt, seier Løvik.
Øistad var i Sveio i august i fjor for å ta mål og avstøypingar, og hovudet blir no støypt i Italia, før det blir frakta til Noreg denne våren.
No kjem den heim
Denne gongen skal statuen ikkje tilbake til sentrum, men til Valenheimen i Valevåg, der komponisten hadde si siste bustadadresse.
Ifølge Løvik er det ikkje frykt for nytt hærverk som ligg bak flyttinga, men eit ønske om å plassera statuen der han naturleg høyrer heime.
– Den einaste naturlege staden å ha han no, er der. Kanskje burde han vore plassert der frå starten av, seier han.
Statuen får plass i nedre del av hagen på Valenheimen, der kommunen skal laga eit fundament. Den skal også kunna lyssettast om natta, og blir synleg for dei som køyrer nordover langs Tittelsnesvegen.
Avduking til sommaren
Planen er at statuen skal avdukast på nytt fredag 12. juni, og ifølge Løvik blir det eit arrangement verdt å få med seg.
– Det er veldig gledeleg og det einaste rette. No kjem han endeleg heim til huset sitt. Dette blir ei stor hending, både nasjonalt og internasjonalt, seier Løvik, som meiner Fartein Valen høyrer heime blant dei aller fremste komponistane i Noreg, tett opp mot Edvard Grieg.