nyhende
Send 17. mai-bilde og vinn festivalpass!
Årets store festdag for heile landet nærmar seg, og me vil gjerne ha lesarane sine 17. mai-bilde. Dei som sender oss bilde er med i trekninga av tre helgepass til Sveio Festivalen.
Sveio Festivalen går i år av stabelen 12. og 13. juni. Alle som sender inn 17. mai-bilde er med i trekninga, og du kan senda bilde til og med klokka 18.00 den 18. mai. Bilda legg me i album etter kvart som dei kjem.
Slik gjer du det:
- Skriv kvar bildet er tatt og kva og kven som er på bildet. Og sjølvsagt kven som er fotograf. Skriv også inn telefonnummeret til fotografen.
- Hugs alltid å spørja personar som er med på bildet om det er greit å senda det inn.
- Send bildet eller bilda til tips@vestavind-sveio.no
Me i Vestavind ønsker alle ein strålande 17. mai og håper me får inn mange bilde!