nyhende
Andre saker frå kommunestyret
Måndag 16. februar gjorde kommunestyret fleire vedtak. Her kan du lesa ei kort oversikt over nokre av sakene.
Kommunestyret vedtok å godkjenna reguleringsplanen for ny brannstasjon i Førde (alternativ B). Dette er éin av to aktuelle plasseringar, og reguleringsplanen for alternativ A er førebels ikkje vedteken.
Alternativ B ligg sør for E39, mellom Hjartåsvegen og Ålfjordvegen.
Utvikling og tryggare veg til Rophus
Kommunestyret har sendt framlegget til områderegulering, altså ein reguleringsplan, for Ekrene vest ut på høyring for tredje gong, med seks vekers frist.
Planen skal legga til rette for ny og tryggare veg inn til bustadfeltet på Rophus, og set rammene for vidare utvikling i området, med mellom anna bustader, barnehage, landbruk og friluftsområde.
Mykje er bra, men forbetringspotensial
Rogaland Revisjon har sett på korleis helse- og omsorgshjelpa i Sveio fungerer. Dei meiner mykje er bra, men peikar på at kommunen bør sjå oftare på enkeltvedtak for å sjekka om dei framleis fungerer og trengst, og bruka fleire vedtak med tidsfrist. Dei rår også til betre dialog med pårørande på sjukeheim og fleire aktivitetstilbod.
I tillegg meiner revisjonen oppgåvene bør fordelast betre, slik at sjukepleiarar får brukt kompetansen sin meir, og at fleire får større stillingar. Kommunestyret tok rapporten til orientering, og ba rådmannen laga ein plan for oppfølging og melda tilbake innan ni månader.
Olympiatoppen får støtte
Kommunestyret gjekk inn for formannskapet si tilråding og løyvde 25.000 kroner i støtte til Olympiatoppen Sørvest si satsing på Haugalandet.
Avlaup: 11–11, ordføraren avgjorde
Saka handla om korleis Sveio kommune skal få på plass kontroll og oppfølging av utslepp frå private avløpsanlegg. Spørsmålet var om kommunen skulle gå rett på å oppretta ei ny tilsynsstilling, eller om dei først måtte sjå på andre måtar å løysa jobben på.
Det stod mellom to forslag i kommunestyret:
- Tilrådinga frå formannskapet: Senda saka tilbake og få meir utgreiing, mellom anna om tilsynet kan gjerast billegare ved anbod eller samarbeid med andre kommunar, og ei oversikt over korleis andre kommunar løyser dette.
- Framlegget frå rådmannen (fremma av SV-representant Olav Østebø Olsen): Gje rådmannen fullmakt til å oppretta ei stilling for kontroll og tilsyn, finansiert gjennom gebyr.
Røystinga enda 11-11, og då avgjorde ordføraren, André Mundal Haukås (H), med dobbeltstemme. Dermed fekk tilrådinga frå formannskapet fleirtal, og saka blei sendt tilbake for meir utgreiing.