nyhende

Kommunestyrerepresentant Olav Østebø Olsen (SV) fremma eige forslag då nye SFO-vedtekter skulle vedtakast i kommunestyret.

Usemje om kjernetid i SFO

Då kommunestyret vedtok nye SFO-vedtekter, ville SV-representant Olav Østebø Olsen at skulane skulle tilby å spreia kjernetida utover alle vekedagane, medan fleirtalet ville la rektorane avgjere opplegget.

Publisert Sist oppdatert

Praksisen til no har vore å legga kjernetida til onsdagar og fredagar, fordi dette er korte skuledagar for 1.-3 trinn i Sveio-skulane og gjer det enklare for mange foreldre å henta etter arbeidstid. Samstundes viser kommunen si oversikt at ingen av skulane då kjem opp i fulle 12 timar gratis kjernetid i løpet av veka, slik opplæringsforskrifta krev.

Opplæringsforskrifta - § 2-2.

  1. Kommunen skal gi tolv timar gratis skulefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga. Kommunen kan ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
  2. Kravet i første ledd gjeld òg dersom kommunen tilbyr skulefritidsordning i skuleferiane.
  3. Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skulefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skulefritidsordning i skuleferiane.
  4. Kommunen kan krevje betaling for kost.

Kommunen har i tillegg tilbydd fem dagar gratis SFO i haust- eller vinterferien. Kommunalsjef for oppvekst Elisabeth Nygaard meiner dette gjer at timetalet i gjennomsnitt går opp til 12 timar, men første ledd i opplæringsforskrifta slår fast at timane ikkje kan reknast som eit gjennomsnitt over meir enn éi veke.

Tilby kjernetid for alle vekedagane

– I tabellane ser me at for enkelte barn er tilbodet nede i 9 timar og 40 minutt i veka, altså 2 timar og 20 minutt mindre enn det forskrifta seier, sa Østebø Olsen.

Han understreka at kommunen kan organisera timane annleis enn over fem dagar, men ikkje tilby færre timar totalt. Samstundes anerkjente han at onsdag og fredag kan vere ei praktisk løysing for mange.

Østebø Olsen foreslo derfor å slå fast at barn på 1.–3. trinn skal få 12 timar gratis SFO kvar veke, og at SFO ved Sveio, Vikse og Førde skal tilby å fordela timane over alle fem skuledagane. Ved Auklandshamn og Valestrand ville han opna for at rektor kan fordela timane over færre dagar dersom det ikkje er praktisk mogleg å ha tilbod alle dagane.

Kan kosta ein halv million

Ordføraren opplyste at ei slik løysing kor ein spreier tilbodet, kan gi ein meirkostnad på rundt ein halv million kroner, og at dette ikkje ligg inne i budsjettet for 2026. 

Østebø Olsen meinte midlane kan vurderast i revidert budsjett i sommar, når søkartala er klare og ein har betre grunnlag for å anslå kostnaden.

Frp: – Me skaper forventingar

Ruth G. Eriksen (Frp) åtvara mot å vedta ei ordning som kan utløyse ekstra kostnadar før finansieringa er avklart.

Ruth Grethe Eriksen (Frp) meinte det var best å halde på ei fleksibel ordning i SFO, og sa økonomien må vera avklara før kommunen lovar meir til foreldra.

– Om me går gjennom med dette framlegget i dag, set me i gang ein mekanisme der me også må auka rammene i revidert budsjett. Viss me då ikkje finn pengane der, må me henta dei ein annan stad, sa Eriksen.

Ho meinte det ville vere uklokt å vedta forslaget til Østebø no, fordi det kan skapa forventingar hos foreldra utan at politikarane veit om det faktisk blir rom for dei ekstra kostnadene i revidert budsjett.

16-6 i røystinga

Framlegget frå Østebø Olsen fekk seks røyster og fall med 16-6. Dermed vart løysinga frå formannskapet vedteken, der rektorane ved kvar skule kan avgjere korleis dei 12 gratis timane skal fordelast gjennom veka.

Powered by Labrador CMS