nyhende
– Dette kan bli temmeleg stygt
Kommunestyret sa ja til reguleringsplanen for den såkalla «barnehagetomta», trass i åtvaringa frå Olav Østebø Olsen om eit sentrum fylt med grå flater.
Kommunestyret vedtok måndag detaljreguleringsplanen for området rett over vegen (Sveiogata) for Sveio kyrkje, der blant anna nye Sveio barnehage er planlagt. SV-representant Olav Østebø Olsen åtvara mot at nettopp dette området vil bli eit framtidig «ansikt» for Sveio sentrum – og at planforslaget slik det låg kunne gi eit dårlegare førsteinntrykk.
– No skal me behandle ein plan som vil få store konsekvensar for Sveio i mange år framover. Sveio kyrkje er på mange måtar Sveio sitt ansikt, sa Østebø Olsen, og meinte dei nye byggeplanane ville gjera innkøyringa til sentrum mindre innbydande.
Ville ha meir grønt og mindre parkering
Det Østebø Olsen reagerte mest på, var kor mykje areal som er sett av til parkering i planområdet.
– Arealbruken er ikkje god nok fordi ein set av altfor mykje areal til parkering, utan at det er grunngitt i ei større heilskapleg vurdering av parkeringsbehovet i heile Sveio sentrum, sa han.
SV-representanten viste til at kommunedelplanen peikar på Sveiogata som ein miljøgate som ei framtidig retning, men meinte planen ikkje la opp til dette.
– Det andre er at dette kan bli temmelig stygt. Me legg opp til å vidareføre den uheldige strukturen me har i Sveio sentrum, med eit nærmast kontinuerleg belte av grå parkeringsplassar langs hovudgata. Her er det mogleg å gjera nokre grep for å gjera dette meir triveleg, sa Østebø Olsen.
Han foreslo derfor at planen skulle sendast tilbake til ny runde, med klare føringar: meir grønstruktur, og at delar av arealet knytt til parkering kan brukast til andre formål – men først etter ei grundigare vurdering av parkeringsbehovet, også i samanheng med parkering utanfor planområdet.
Høgre: Viktig å få det fint, men me må vidare
Høgre sin representant, Mikal Møller Hovda, sa han ikkje var ueinig i at området bør bli fint, men åtvara mot å stoppa framdrifta.
– Det er viktig å gjera det fint, men no er me komne langt fram i planen, og me må ikkje kome i den situasjonen at reguleringsplanen stoppar oss. Derfor anbefaler eg at me vedtar planen, sa Hovda.
Han la til at han heller ikkje trudde det var umogleg å gjera justeringar for å få eit betre uttrykk, sjølv om planen blir vedteken slik han ligg.
Forslaget frå Østebø Olsen fekk berre to stemmer og fall. Dermed vart reguleringsplanen vedteken.