nyhende
– Ad Libitum og eg fekk kjemi med ein gong
Søndag 15. mars var det duka for ein musikal festkveld i Sveio kyrkje. Ad Libitum med musikarar og gjesteartist serverte den eine fengande slageren etter den andre. Ispedd lun humor frå «Bømmelulu».
Rett før klokka sju søndag kveld stod bilane tett på parkeringsplassane rundt Sveio kyrkje. Om lag 260 personar hadde då trossa kraftig vind og regn for å vera med på konserten til Ad Libitum «Bridge over troubled water».
Opningsnummeret, «Midt i tida» av Jahn Teigen, starta med gitarspel, før flygelet blei med og koret til slutt hang seg på. Dirigent Per Bjørn Habbestad mala fram eit flott lydbilde for alle dei frammøtte. Då første song var over, tok Asbjørn Natås mikrofonen og ønska alle velkommen til konsert.
Kortreiste musikarar
I tillegg til koret sin faste pianist André Eide, hadde koret hyra inn Kjell Harald Litangen på gitar, Heine Totland song og gitar og Ivar Birkeland som lydmann. Både Eide og Birkeland, frå høvesvis Halsnøy og Moster, lengta nok til Sveio heile barndomen i følgje Natås.
Litangen er rett nok frå Karmøy, men har røter i Auklandshamn, og Heine Totland som vaks opp på Totland innrømte seinare at han alltid hadde hatt utsikt til Sveio og drøymd om damene der.
– Så godt som alle er sveibuar, konkluderte Natås, og heldt fram med å rosa ei eldsjel i koret, Sigmund Pedersen, til applaus frå salen.
– Han er reservepianist, han er reservedirigent og han har arrangert praktisk talt alle songane.
Deretter fekk me høyra «Aks av gull», «Mitt Land» og «Love of my life» før dirigenten inviterte Heine Totland fram på scena.
Humor og historie
– Ein kan ikkje finna på noko betre i dritvêret enn å komma til Sveio, spøkte Totland.
– Eg føler eg har vore overalt, men dette er mi første framsyning i Sveio nokosinne. Det er ei spesiell kjensle. Ad Libitum og eg fekk kjemi med ein gong, seier Totland entusiastisk og knipsar med fingrane.
«If you don’t know me by now» er første songen med Totland. Det går ikkje lenge før litt av teksten blir omsett til «bømlamål»: «Viss du ikkje kjenne meg nåå. Vil du aldri, aldri, aldri kjenna meg.» Trubaduren får med seg publikum på allsong, på bømlamål, i første song. Den gode stemninga, solide framføringa og uhøgtidlege humoren held fram heilt til siste tone.
Duettar
Etter å ha utfordra Ad Libitum med ei soul-låt var det tid for kvelden sin første duett. Tiril Birkelid og Totland song «Our last summer», eit av mange høgdepunkt denne kvelden. Så kjem «Bohemian Rapsody» før koret får ein liten pust i bakken. Totland framfører eit par songar åleine med musikarane og fortel om teorien sin om at bømlamålet er den mest brukarvenlege dialekten i Noreg.
Når koret igjen fyller lokalet med fleirstemte tonar får me høyra «Andedrag», «Fix you» som ein duett med Totland og Lars Birger Bergmål, «Bed of roses» og heilt til slutt «Bridge over troubled water».
Ståande applaus Kvelden blir runda av med ståande applaus, roseutdeling og lovord frå alle kantar. Per Bjørn Habbestad skryt av alle dei involverte og rettar ein ekstra takk til Sigmund Pedersen som arrangerer.
– Det er inga framsyning me har arbeida meir med enn denne, seier ein nøgd Habbestad.